Vegarbeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bygging av sykkelveg i Finland.

Vegarbeid kan vera alt frå arbeid med skogsvegar til bygging av motorvegar. I tidlegare tider vart vegarbeid utført manuelt, men hestar vart nytta til transport. I dag vert det nytta anleggsmaskinar til det meste, men det er framleis bruk for manuelt arbeidskraft til ymse monteringsarbeid.

Fjerning av masse[endre | endre wikiteksten]

Borig med fjellborerigg.

I samband med vegbygging er det som oftast naudsynt å grava ut og transportera bort masse. Om det er fjell som må transporterast bort vert massen det nytta som fyllmasse på andre parti av vegen. Om det er lausmasse vert dette arbeidet utført med gravemaskinar og dumparar eller lastebilar. Der det er fjell lyt ein fyrst bora ned til høveleg djupn og skyta ut fjellet. Til boringa vert det nytta fjellboreriggar. Transporten av masse forgår med dumpar eller dumparbil.

Tunneldriving[endre | endre wikiteksten]

I land med mykje fjell, som til dømes Noreg og Sveits vert vegar ofte lagt i tunnel. Nokre gongar er dette den einaste praktiske løysinga, andre gongar vert det gjort av omsyn til rasfare. Tunneldriving var tidlegare eit tungt og farefullt arbeid. I dag vert det nytta maskinar for å driva nye tunellar. I laust fjell kan ein nytta tunellboremaskinar, men i hardt fjell lyt ein sprenga ut tunnelar. Det vert då nytta fjellboreriggar. Etter sprenging vert skotensteinen frakta ut av tunnelen med dumparar.

Brubygging[endre | endre wikiteksten]

Ei bru som kryssar ein veg.

I samband med vegbygging vert det ofte bygt bruer over elvar, djupe dalar og fjordar. Eit av dei vanlegaste byggemateriala er armert betong, men stål vert òg nytta. Små og mellomstore bruer vert ofte bygde av same entreprenør som er ansvarleg for vegen, medan større bruer kan vert utsette på eigne anbod.

Rassikring[endre | endre wikiteksten]

I bratte fjellsider er det ofte fare for ras på grunn av stein som losnar når frosten arbeider med han eller på grunn av at rennande vatn grev bort lausmasse som held han fast. Det er difor ofte naudsynt å sprenga bort stein i fjellsider over vegen. Mindre stein kan òg fangast opp med kraftige stålnett.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]