Verdun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdun
Verdun-quai-londres.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Meuse
Geografi
Flatevidd
 - By

31,03 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

19 624
  633/km²
Koordinatar 49°09′″N 05°23′″EKoordinatar: 49°09′″N 05°23′″E
Høgd over havet 240 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 55100
Heimeside: www.ville-verdun.fr

Verdun (tysk Wirten, offisielt namn før 1970 var Verdun-sur-Meuse) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Meuse i Lorraine. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og ligg ved elva Meuse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verdun har vore eit bispesete sidan 300-talet. I 843 var traktaten i Verdun grunnlaget for delinga av Frankarriket, som var byrjinga på det som i dag er Tyskland og Frankrike. Fram til høgmellomalderen var Verdun ein tysk fjernhandelsby, og busett av rike handelsmenn. Tidleg på 1000-talet opplevde byen stor økonomisk oppgang, men på 1200-talet vart han mindre viktig. Klosteret og stiftet, ein gong motor for urbanisering, var no berre redusert til krefter som sikra at byen overlevde.

Verdun høyrte til Austfrankarriket og seinare Det tysk-romerske riket fram til 1553, då han etter traktaten i Chamborg gjekk til Frankrike. På 1600-talet vart det bygd mange festningsverk i byen.

Verdun vart vidkjend under den første verdskrigen som åstad for det blodigaste slaget på vestfronten (i lag med slaget ved Somme), mellom Frankrike og Tyskland.

Slaget ved Verdun varte frå februar 1916 til desember 1916 og førte ikkje til noko for nokon av partane. Det kostet 162 000 franske og 100 000 tyske soldatar livet, medan nesten 500 000 vart skada.

Økonmomi[endre | endre wikiteksten]

I dag livnærar byen seg særleg av sin tenestesektor: Turisme, forvalning, bispedøme. Viktige attraksjonar utanom krigskyrkjegarden, omgivnadane rundt og sjølve slagmarka, finn ein det nyleg renoverte bysentrumet med lystbåthamna ved Maas og domkyrkja med verdsfredssentret i bispepalasset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Verdun