Vertikal vind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oppvind eller nedvind (luftlommer eller lufthol) er vertikale luftrørsler i atmosfæren. Område i atmosfæren med kaldare eller varmare luft enn omgivnadane fører til vertikale rørsler. Ei lomme med varm luft vil ha mindre tettleik enn omgivnadane, og vil stige heilt til den kjem opp i luft som er enten varmare eller har mindre tettleik. Det motsette skjer for luftmassar som er kaldare enn omgivnadane, og dette fører til ei nedoverretta rørsle kalla subsidens. Når store, varme og fuktige luftmassar er involvert, kan desse danne store skyer, og torevêr.

Vertikale luftrørsler kan òg oppstå i samband med lågtrykk (oppvind) og høgtrykk (subsidens). Lufta som strøymer inn mot eit lågtrykksenter ved bakken vil konvergere nær senteret, og den einaste retninga lufta då kan ta er oppover. Det motsette skjer i høgtrykk der lufta strøymer bort frå høgtrykket ved bakken, og ein får ei nedoverretta luftrørsle for å erstatte lufta som forsvinn.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Oppvind og nedvind er ein av hovudårsakene til turbulens for luftfart, og er hovudårsaka til at flypilotane prøver å unngå område med uvêr. I ekstreme tilfelle kan fallvind og mikroutbrot føre til alvorlege flyulukker.

Fallvindar kan lokalt føre til store skadar, ikkje ulik dei ein ser etter ein tornado. Ein kan derimot skilje skadar ved fallvind frå tornadoar ved at skadane har eit sirkelforma mønster ut frå senteret av fallvindområdet. Tornadoar har kraftig vind innover mot senteret, og vil dra skadane innover.