Vespasian av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vespasian
Vespasianus01 pushkin edit.png
Imperator Caesar Augustus
Fullt namn Titus Flavius Vespasianus
Fødd 17. november 9 i Sabine
Død 23. juni 79 i Roma
Føregjengar Vitellius av Romarriket
Gift med Flavia Domitilla
Dynasti Det flaviske dynastiet
Born  
  1. Titus Flavius Vespasianus (f. 39)
  2. Titus Flavius Domitianus (f. 51)
  3. Domitilla, døydde som lita

Titus Flavius Vespasianus eller Vespasian (17. november 923. juni 79) var romersk keisar frå firekeisaråret 69 til 79.

Vespasian vart fødd i Falacrina i år 9 som son av Flavius Sabinus og Vespasia Polla. Faren var ein vellukka skatteinnkrevjar og bankier. Sjølv blei Vespasian ein vellukka romersk offiser som tok del i felttoget i Britannia i 47, som førte til den endelige erobringa av området. Han blei romersk konsul i 51, var statthaldar i provinsen Afrika i 63, og nedkjempa jødane sin oppstand i Jerusalem i 67–69.

Mynt prega under Vespasian.

Vespasian kom til makta etter etter ein kort og kaotisk borgarkrig. Borgarkrigen braut ut etter at keisar Nero av Romarriket tok livet av seg i juni 68. Dei andre deltakarane i borgarkrigen var Sulpicius Galba (68-69), Marcus Salvius Otho (69) og Aulus Vitellius (69). Alle desse utropte seg i tur og orden til keisar. I motsetnad til Vespasian mangla dei militær stønad og politisk velvilje i det romerske senatet.

Under borgarkrigen var general Vespasian i Midtausten. Dei romerske styrkane der utropa han til keisar i juli 69. Legionærane hadde stor lit til Vespasian og oppfatta rivalen Aulus Vitellius som dekadent, umoralsk og militært verdlaus. Vitellius var kjend som ein nær ven av keisar Nero. Vespasian heldt seg i Judea medan løytnant Antonius Primus invaderte Italia og erobra Roma med hjelp av styrkar fra Pannonia og Balkan.

Vespasian skal ha vore ein enkel og arbeidssam mann. Som keisar fekk han orden på økonomien gjennom god forvalting og innføring av fleire former for skattlegging. Ei av desse var ein «urinskatt», ein skatt på sal av urin frå Cloaca Maxima. Då sonen Titus klaga på dette skal han ha sagt at «pengar luktar ikkje».

Etter borgarkrigen var det på tide å byggja opp att Roma. Vespasian lagde eit forum som seinare blei kjend som fredstempelet, Templum Pacis. I 79 fullførte han ein kjempestatue av Apollon som var påbyrja under Nero. Han dedikerte ein scene ved Marcellusteateret og byrja bygginga av Colosseum med midlar han hadde teke frå Tempelet i Jerusalem.[1]

I følgje Suetonius skal Vespasian ha hatt «stadige konspirasjonar» mot seg.[2] Han overlevde desse og døydde av sjukdom. Dio Cassius fortel at han insisterte på å styra som normalt sjølv om han var sjuk fordi «ein keisar lyt døy ståande.» Dei siste orda hans skal ha vore «eg er visst i ferd med å bli ein gud.»[3]

Vespasian blei etterfølgd av sønene Titus og Domitian. Saman danna dei det flaviske dynastiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ALFÖLDY, GÉZA (1995). «Eine Bauinschrift Aus Dem Colosseum.». Zeitschrift für Papyrologie und Epigraphik 109: 195–226. 
  2. Suetonius, Vesp. 25
  3. Cassius Dio - Roman History

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vespasian av Romarriket
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Vespasian av Romarriket
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.