Vestmuren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestmuren i Jerusalem
Vestmuren med omgjevnad

Vestmuren i Jerusalem er ein rest av støttemuren etter det jødiske Tempelet i Jerusalem. Ei anna nemning på muren er Klagemuren, men denne nemninga vert lite nytta av jødar. På (hebraisk er nemninga הכותל המערבי; HaKotel HaMa'aravi, på arabisk al-Buraq muren. Muren var ein del av eit større byggverk bygd av Herodes og øydelagd av romarane i år 70. Muren er 48 meter lang og 18 meter høg.

Muren og området framfor er sett av som ein ortodoks jødisk synagoge. Det går føre seg ulike gudstenester der i tillegg til at enkeltmenneske ber bøner. Ei utbreidd misforståing er at bønene er prega av sorg på grunn av øydelegginga av tempelet. Nemninga Klagemuren kjem av denne tradisjonen. Bønene kan til dømes omfatta ynskje om ei messiansk tid der det vert fred og tempelet vert bygd opp att.

Tempelplassen ovanom muren er den staden der tempelet stod frå Salomo si tid.

Vestmuren ligg i Aust-Jerusalem, som vart annektert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vestmuren
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.