Veszprém

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veszprém
Slottet i Veszprém
Slottet i Veszprém
Plassering
Veszprém is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sentral-Transdanubia
Veszprém fylke
Geografi
Flatevidd
 - By

126,93 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

61 472
  480/km²
Koordinatar 47°05′35″N 17°54′50″EKoordinatar: 47°05′35″N 17°54′50″E
Høgd over havet 260 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 8200
Telefon-retningsnummer 88
Heimeside: www.veszprem.hu

Veszprém (tysk Weißbrunn, slovakisk Vesprím, kroatisk Vesprim, Besprim, serbisk Vesprim eller Весприм) er ein av dei eldste byane i Ungarn, og hovudstad i fylket Veszprém. Han ligg om lag 15 km nord for Balatonsjøen.

Veszprém ligg på begge sider av den vesle elva Séd, om lag 110 km frå Budapest med bil.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei lokal segn vart Veszprém grunnlagd på sju åsar, slik som Roma.

Anonymus, notaren til kong Béla III skreiv at det alt stod ei borg her då ungararane først okkuperte området. Borga var sannsynlegvis ei festning bygd av frankarane800-talet. Borgene i Veszprém, Esztergom og Székesfehérvár var dei første ungarske steinborgene, som vart bygd under regjeringstida til Géza, ei tid då motteborger var meir vanleg.

Namnet på byen kjem frå det slaviske ordet Bezprym, som opphavleg var eit personnamn. Byen vart kalla opp etter ein høvding eller son til prinsesse Judit (eldste syster til St. Stefan), som slo seg ned her etter at mannen hennar Boleslaus I av Polen kasta ut ho og son hennar.

Veszprém hadde ei viktig religiøs rolle under kampen for å gjere kristendom til den offisielle religionen i Ungarn. St. Stefan slo hæren til hovudmotstandaren sin, Koppány, nær Veszprém. Byen vart det første bispesetet i Ungarn i 1009 og eit erkebispesete i 1993. Fylket Veszprém var eit av dei første historiske fylka i Ungarn.

Under den mongolske invasjonen av Ungarn vart Veszprém verna av borga si, som seinare vart nedrive etter ordre frå Habsburg i 1706.

Veszprém var av dei første ungarske byane som fekk eit universitet, og det vart mellom anna studert jus og kunst. Universitetet vart øydelagd i ein brann i 1276, og Veszprém vart først ein universitetsby igjen på 1900-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veszprém

Kjelde[endre | endre wikiteksten]