Vladimir Makovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marknad i Poltava

Vladimir Jegorovitsj Makovskij (7. februar 184621. februar 1920) var ein russisk kunstmålar og kunstsamlar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Makovskij vart fødd i Moskva, som son av ein kunstsamlar. Faren, Jegor Ivanovitsj Makovskij, var ein av grunnleggarane av Moskva kunstskule. Vladimir hadde to brør, Nikolaj og Konstantin Makovskij, og ei syster, Aleksandra. Alle var berømte kunstmålarar. Vladimir studerte ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Han fullførte studiane sine i 1869. Det påfølgjande året var han ein av grunnleggarane av Forbundet for vandrande kunstutstillingar, også kalla Peredvizjnikij. Mange års framifrå arbeid bringa han fram til ein leiarposisjon i forbundet.

Velgjeraren, 1874

Realisme-målar[endre | endre wikiteksten]

Makovskij sine verk vart oppfatta som gjennomgåande humoristiske, eller med ein grovkorna ironi og avsky. I 1870-åra handla måleria hans i første rekke om folk i småbyen. Måleria Fruktpreservering (1876), Gratulanten (1878) og Druesaft-seljaren (1879), skildrar ulike scener der stemninga er nøyaktig avstemt, ofte lett lattervekkande. Andre av verka hans, så som Velgjeraren (1874) og Straffangen (1878) er djupfølt, sosialt medvitne. I desse kritiserer Makovskij aristokratiets falske sympatiar andsynes dei fattige. Eller han rettar merksemda mot undertrykkinga og forfølginga som tsaren sitt politi stod for.

På 1880-talet, tida for russisk «demokratisk» kunstmåling, laga Makovskij fleire av sine mest oppskatta verk. Nokre av Makovskijs fremste verk frå denne perioden er I forværelset til forliksrådet (1880), Bank-kollapsen (1881) og Den frigjevne fangen (1882).

Tsarina Maria Feodrovna. Gatsjina-palasset, 1885

Lærar. Samfunnskritikk. Portrettmålar[endre | endre wikiteksten]

I 1882 fekk Makovskij ei stilling som professor ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, etter Vasilij Perovs død. Der underviste han i tolv år. Han vart då i 1894 leiar ved studioet for sjangermåleri ved St. Petersburgs kunstakademi, arbeidde der sidan.

Frå slutten av 1880-åra begynte Makovskij å lage meir dystre verk. Svært viktige arbeid frå den perioden er På bulevarden (1888) og Du skal ikkje gå (1892). Han var elles ein dyktig portrettmålar, og han laga illustrasjonar til bøker.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Etter den første russiske revolusjonen, måla Makovskij 9. januar 1905, på Vasiljev-øya der han skildrar væpna politi som skyt på forsvarslause menneske. I eit anna måleri, Ofringane på Khodyn-marka (viser til då tusen menneske mista livet under kruningsseremonien av tsar Nikolaj II), stod han atter kompromisslaust på det undertrykte folkets side. Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 tok han del i å føre tradisjonane i realismen over i dei tidlege stadium av den sosialistiske realismen.

Makovskij døydde i Petrograd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vladimir Makovskij

Kjelder[endre | endre wikiteksten]