Sosialistisk realisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar.

Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Sosialistisk realisme var den offisielt godkjende stilretninga for kunsten i Sovjetunionen i meir enn femti år.

Sosialistisk realisme vart statspolitikk i 1932 då Sovjetleiaren Josef Stalin fremja eit dekret om å omstrukturere litteratur- og kunstorganisasjonane. Same året vart det skipa kunstnarunionar i både Moskva og Leningrad som avslutta tida for postrevolusjonær kunst. I Leningrad vart kunstmålaren og -læraren Kuzma Petrov-Vodkin vald til den første presidenten i kunstnarunionen.

Sentralpaviljongen til Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva

Første utstillinga fann stad i 1935 og vart organisert av kunstnarunionen i Leningrad. Mellom deltakarane fann ein Pjotr Butsjkin, Rudolf Frentz, Aleksandr Samokhvalov, Isaak Brodskij, Kusma Petrov-Vodkin, Kasimir Malevitsj, Nikolai Dormidontov og Mikhail Avilov, desse vart grunnleggarane av Leningrad-skulen.

I 1934 vart Isaak Brodskij, ein elev av Ilja Repin, utnemnd til direktør for det nasjonale kunstakademiet og av Leningrad sitt institutt for måling, skulptur og arkitektur. Brodskij inviterte framståande målarar og pedagogar til å undervise ved akademiet, mellom dei Konstantin Juon, Ivan Bilibin og Pjotr Butsjkin.

Kunstutstillingar frå 1935-40 syner at kunstlivet ikkje vart undertrykt av denne ideologien, ei heller at kunstnarane gjorde knefall for det som då vart kalla samfunnsordenen. Eit stort tal av utstilte landskapsmåleri, portrett og sjangermåleri viste at målingstekniske utfordringar låg til grunn for kunsten, som såleis var fri for nokon påtrykt ideologi.

Etter den første nasjonale kunstnarkongressen i Moskva i 1957, vart alle russiske kunstnarar organisert i ein union i 1960. Kunstnarane i Sovjetunionen fekk høve til å prøve ut nye kunstuttrykk, særleg gjaldt det form og plastiske uttrykk. Bilete av ungdomar og studentar, landsbyar og byar i stor endring, dyrking av nytt land og store byggprosjekt i Sibir og Volga-regionen, og nyvinningar skapt av sovjetisk vitskap og teknologi, kom i sentrum for den nye målarkunsten. Tidas heltar, så som unge vitskapsfolk, arbeidarar, sivilingeniørar, fysikarar, var mellom dei mest populære objekta for målarane.

I denne perioden opna ei mengd spennande emne, og positive figurar og bilete seg for kunstnarane. Arven etter mange store kunstnarar og kunstrørsler vart atter tilgjengelege for kunststudentar og offentleg debatt. Dette utvida kunstnarane si forståing av realismen. Denne fornya forståinga av realismen førte til at stilretninga heldt fram å dominere russisk kunsthistorie. Realist-tradisjonen førte til mange ulike trendar av samtidsmåleri.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den sovjetiske forfattarunionen vart grunnlagd for å kontrollere kva forfattarane skreiv om. Politikken som skulle gjere forfattarane til nikkedokker vart vedteken på kongressen for sosialistforfattarar i 1934. Politikken vart omsynslaust tvinga gjennom på alle felt i litteraturen. Form og innhald vart mykje avgrensa, med forbod mot erotisk, religiøs, abstrakt, surrealistisk og ekspresjonistisk kunst. Formelle eksperiment vart forkasta. Grunngjevinga for å stanse slike, var at dei var "dekadente" og uforståelege for proletariatet, eller dei var kontra-revolusjonære.

Restriksjonane vart noko oppmjuka etter Stalin døydde i 1953, men staten hadde framleis eit fast grep om personleg, kunstnarisk uttrykk.

Folket i Wuhan bekjempar storflaumen i 1954. Monument frå 1969

I andre kommuniststatar[endre | endre wikiteksten]

Sosialistiske trendar slo gjennom i litteraturen i 1920-åra i Tyskland, Frankrike, Tsjekkoslovakia og Polen. Forfattarar som Louis Aragon, Johannes Becher, Jaroslav Hašek, og Pablo Neruda.[1] var med å utvikle den sosialistiske realismen i Vesten.

Doktrinen om sosialistisk realisme vart mellom 1949 og 1956 gjennomført med lov i andre, såkalla folkerepublikkar. Alle felt av biletkunst og språkkunst vart omfatta, men dei mest påfallande prestasjonane kom innanfor arkitekturen, som vart sett på som eit nøkkelvåpen i skapinga av ein ny sosial orden. Den nye arkitekturen skulle hjelpe til å spreie den kommunistiske doktrinen ved å påverke medvitet til innbyggarane, så vel som deira syn på livet.

Sosialistisk realisme fekk lite gjennomslag i land utanfor kommunistblokka. I nokre vestlege land var, og er, ho nærast for tabu å rekne.

Ideologiske kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dei første tendensane mot sosialistisk realisme kan sporast tilbake til midt på 1800-talet. Dei omfattar revolusjonær litteratur i Storbritannia, Tyskland og Frankrike. Sosialistisk realisme framstod som litterær metode tidleg i det 20. hundreåret i Russland, særleg i arbeida til Gorkij. Den var også til stades i verk til andre forfattar. Med Gorkij som førebilete, kombinerte forfattarar i fleire land den realistiske framstillinga av livet med uttrykk frå eit sosialistisk verdssyn. Mellom desse finn ein Barbusse, Martin Andersen Nexø og John Reed.

Den politiske sida av den sosialistiske realismen var på mange måtar eit framhald av det som hadde vore politikken i tsar-tida. Sensur og forsøk på å kontrollere bodskapen i kunsten tok ikkje til med sovjeta, men var eit langvarig drag ved russisk kultur. Også tsar-regjeringane var merksame på den potensielt samfunnsomveltande effekten i kunsten, og kravde at alle bøker vart klarerte av sensuren.

Sosialistisk realisme hadde røter i nyklassisismen og dessutan i tradisjonane til realismen i russisk litteratur. Sistnemnde hadde i det 19. hundreåret skildra livet til menneske som levde i enkle kår. Eit kroneksempel fann ein i den estetiske forma Maksim Gorkij hadde utvilkla. Viktig påverknad kom òg frå arbeida til Peredvizjnikij-rørsla på slutten av 1800-talet, og frå franskmannen Jacques-Louis David.

Etter partikongressen i 1934, sette staten opp fire reglar for det som vart kjent som sosialistisk realisme:

Verka skulle vere; 1. Proletariske; kunsten skulle vere relevant for arbeidarar, og forståeleg for dei same. 2. Typiske; vise scener frå folk sitt daglegliv. 3. Realistiske; det skulle vere representative. 4. Patriotiske; støtte opp om staten og partiet sine målsettingar.

Walter Womacka: Mosaikk i Eisenhüttenstadt

Kjennemerke[endre | endre wikiteksten]

Sosialistisk realisme skildrar og hyller proletariatet sin strid for sosialistisk framgang. Målsettinga var å «høgne» den vanlege arbeidaren, såvel i fabrikken som i landbruket, ved å framstille både hans liv, arbeid og fritid som beundringsverdig. Med andre ord, målet var å undervise folket om måla og meininga med kommunismen.

Realisme-delen er viktig. På eit vis speglar den sosialistiske realismen den retninga som vestleg kunst tok, der kvardagslivet til menneska var tema i romanen, for skodespelet og i biletkunsten. Proletariatet var i sentrum for kommunistideala; såleis var liva deira eit verdig emne å undersøke.

Målarane skildra lukkelege, muskuløse bønder og arbeidarar i fabrikkar og på kollektivbruk. Under Stalin-tida laga målarane også tallause helteportrett av diktatoren, til stønad for den personkultusen han vart til del. Industri- og jordbrukslandskap var populære emne, der ein lovprisa framgangar i sovjetisk næringsliv. Det vart forventa at romanforfattarar skulle skrive oppbyggjelege forteljingar, i samsvar med den marxistiske doktrinen om dialektisk materialisme. Komponistar skulle lage livleg og oppmuntrande musikk som spegla proletariatet sitt liv og deira stridar.

Framståande kunstnarar og verk[endre | endre wikiteksten]

Maksim Gorkijs roman Mor vert rekna for å ha vore den fyrste sosialist-realistiske romanen. Andre viktige verk i sjangeren omfattar Fjodor Gladkovs Sement (1925), Nikolaj Ostrovskijs Hvordan stålet ble herdet (på norsk i 1950), og Mikhail Sjolokhovs tobandsverk; Stille flyter Don (1934) og Don flyt heim til havet (1940).

Martin Andersen Nexø skapte si eiga sosialistiske realisme. Framgangsmåten hans var prega av forteljarglede, eit kritisk syn på det kapitalistiske samfunnet, og eit jamt strev mot å bringe røyndomen i samsvar med sosialistideala. Romanen "Pelle Erobreren" er eit klassisk sosialistisk-realistisk verk. Louis Aragon sine bøker, til dømes "Den verkelege verda", skildrar arbeidarklassa som ei stigande makt i det nasjonale samfunnet.

Hanns Eisler komponerte mange arbeidarsongar, marsjar og balladar kring samtidige politiske emne. Han grunnla ein ny stil med revolusjonære songar til massane.

I byrjinga av 1930-åra nytta sovjetiske filmregissørar seg av sosialistisk realisme i verka sine. Eit døme er filmen "Sjapajev", som viser folket si rolle i den historiske utviklinga.

Sosialistisk realisme vart også nytta i Bollywoodfilmar i 1940- og 1950-åra.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Thomas Christ: Der sozialistische Realismus. Betrachtungen zum sozialistischen Realismus in der Sowjetzeit. Wiese Verlag, Basel 1999, ISBN 3-909164-68-4.
  • Igor Golomstock: Totalitarian Art in the Soviet Union, the Third Reich, Fascist Italy, and the People's Republic of China. Collins Harvill, London 1990, ISBN 0-00-272806-0).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sosialistisk realisme