Vorotan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vorotan
Vorotan og nedslagsfeltet hennar (lysegrå) i Armenia
Vorotan og nedslagsfeltet hennar (lysegrå) i Armenia
Utspring Syunik
Munning Aras
Land i nedslagsfelt Armenia
Lengd 178 km
Middelvassføring 21,5 m³/s
Nedslagsfelt 5 650 km²

Vorotan (armensk: Որոտան) er ei elv i den sørlege delen av Kaukasus i Armenia, og ei av sideelvene til Aras. Ho har sitt utspring frå den sørarmeniske provinsen Syunik, og strøymer 119 km søraustover gjennom Armenia, og så 59 km gjennom Nagorno-Karabakh, eit område som både Armenia og Aserbajdsjan gjer krav på, før ho renn ut i Aras ved grensa til Iran. Elva renn stort sett gjennom eit fjellandskap, og fleire stader gjennom djupe gjel. Byane Sisian og Kubatly ligg òg langs leiet til elva. Under Sovjet-perioden, vart det bygd tre vasskraftverk langs elva.

I eit forsøk på å auke vassmengda i Sevansjøen, vart det bygd ein 22 km lang tunnel frå Vorotan til innsjøen. Arbeidet byrja på 1980-talet, men måtte stoppast i 1988 med berre 4 km igjen av tunnelen, på grunn av ein væpna konflikt mellom Aserbajdsjan og Armenia over Nagorno-Karabakh-regionen. Den armenske regjeringa gjorde omsider tunnelen ferdig i 2003, men ein har enno ikkje byrja å tappe vatn inn i innsjøen.