Vsevolod Garsjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Vsevolod Garsjin (1884) av Ilja Repin.

Vsevolod Mikhailovitsj Garsjin[1] (14. februar 18555. april 1888) var ein russisk forfattar.

Garsjin var fødd i Jekaterinoslav. Han studerte til bergingeniør i St. Petersburg då han vart kalla inn til krigsteneste i den russisk-tyrkiske krigen 1877-1878. Etter å ha vorte såra, skreiv han forteljinga Tjetyre dnja (Fire dage). Fire dage fortel om ein russisk soldat etterlaten på slagmarka for å døy, jamsides han ligg ein tyrkisk soldat som har falle for kulene hans. Forteljinga er ein open protest mot krigen, og viser sympati for alt liv. Andre kjende forteljingar er Attalea Princeps (1879), Krasnyj tsvetok (Den røde blomst, 1883), En opplevelse og andre. Den røde blomst hentar handlinga frå ein institusjon for sinnslidande, og er hans mest karakteristiske verk.

Garsjin skreiv med psykologisk innleving. Litteratar som Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin, Anton Tsjekhov og Ivan Turgenjev sette stor pris på litteraturen hans.

Garsjin var manisk-depressiv og budde i periodar på lukka anstaltar. I 1888 tok han livet sitt i St. Petersburg ved å kaste seg utfor ein trappeoppgang.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Fire fortællinger. 1892
  • Seks fortællinger. 1893
  • Nadeshda Nikolajevna. 1893
  • Mindre fortællinger. 1894
  • En nat. 1895
  • Den raude blomen. 1895[2]
  • Den røde blomst og andre noveller. 1916

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrillisk skrift Всеволод Михайлович Гаршин
  2. Den 17de Mai (1895) nr.108-110 og 113-115