Vym
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Vym | ||
|
|
||
| Utspring | Timanryggen | |
| Munning | Vytsjegda | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 499 km | |
| Middelvassføring | 196 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 25 600 km² | |
Vym (russisk Вымь) er ei elv i Republikken Komi i Russland. Ho er ei av sideelvane til Vytsjegda i nedslagsfeltet til Nordre Dvina. Elva har ei lengd på 499 km og eit nedslagsfelt på 25 600 km². Middelvassføringa hennar er på 196 m³/s.
Vym har utspring på sørsida av Timanryggen. Ho renn sørover gjennom eit flatt taigalandskap. I dei øvre delane av elva er det fleire stryk. Ho renn ut i Vytsjegda nær busetnaden Ust-Vym. Elva vert nytta til tømmerfløyting og er framkommeleg for skipsfart i den nedre delane.
Dei største sideelvane hennar er Vorykva, Edva, Pozjeg og Tsjub frå høgre og Koin og Vesljana i venstre.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Vym River» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2008.