Wikipedia:Samfunnshuset/Kjellar for 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om kjelder[endre wikiteksten]

Eit a propos om kjelder og kjeldebruk: I ein artikkel i Aftenposten i dag, om ein person som prøvde å drepe president Ford i USA i 1975, viser dei til at ho var innvolvert i revolusjonær politikk. Kjelde; Wikipedia på engelsk. Deira kjelde? Det var to, den eine var ubegripeleg (ordet «Text»), den andre vaskesetelen til ei teaterframsyning om personen. Og denne vaskesetelen seier ikkje noko om revolusjonær verksemd! Min konklusjon er at for det første blir kjelder for det me skriv viktigare og viktigare, når slappe journalistar nyttar oss som primærkjelde. For det andre må det vere verkelege kjelder som faktisk skriv det me siterar dei på. --Ekko 16:01, 1 januar 2008 (CET)

Ut frå det som stod i artikkelen var det relativt enkelt å finne den opphavlege kjelda: www.time.com. Eg har retta referansen i den engelske artikkelen Aftenposten refererer til. Hogne 16:20, 1 januar 2008 (CET)
Fint det. Men poenga om slapp kjeldebruk hos artikkelskribentane i på engelsk wikipedia og i Aftenposten står like støtt, dessverre. --Ekko 17:05, 1 januar 2008 (CET)
Hadde det berre vore slapt! Eg passar no på ein heller elendig artikkel (Polyphasic sleep) på engelsk wikipedia. Dei fleste referansane er til private bloggar som igjen siterar wikipedia, så klart, og eg sjekkar det som ser ut til å vere kjelder.
I teksten stod det om noko som kom fram i ein studie i 2002. Nedst i vidare lesing var det ein studie som kunne vere den same, utan lenkje. Jovisst, men han var sitert bakvendt! Eg har flytta referansen til fotnote og endra longer than i teksten til shorter than.
Ein må passe seg både for slapp kjeldebruk og for misbruk. --Hordaland 21:32, 1 januar 2008 (CET)
Eit relatert problem er at sjølv når det vert referert til truverdige kjelder vert dei ført opp på ein sluvut måte. Ofte manglar det opplysningar om utgjevar (forlag) og/eller årstal. Kanskje kjem det av at ikkje alle som skriv på Wikipedia er vane med å referere til kjelder. Bruk av kjelder burde difor forklarast, til dømes på Arbeidskontoret. Kva med noko slikt:
Innhaldet i artiklane bør visa til kjelder, som bøker, tidsskrift, aviser, osv., slik at lesarane kan etterøkkja det som står på Wikipedia. For at det skal vera mogeleg å finna fram til kjeldene er det viktig at referansane inneheld både nok informasjon og rett informasjon. Referansane bør samlast i slutten av artikkelen, under overskrifte Referansar og bør ha fyljande format:
  • Bok: Forfatter(ar), Tittel på boka, Bind (når det er eit fleirbindsverk), Utgåve (ikke om det 1. utg.) Forlag, Utgivelsesår.
  • Artikkel i tidsskrift: Forfatter(ar), Tittel på artikkelen, Namn på tidsskriftet, Bind (når dette vert nytta), Nr (når dette vert nytta), Utgjevelsesår og månad, Sidetall.
  • Avisartikkel: Forfatter(ar) (når desse er oppgjevne), Tittel på artikkelen, Navn på avisa, Utgjevelsesdato, Sidetall.
  • Nettaddresse (URL), Nettartikkel: Forfatter(ar) (når desse er oppgjevne, Tittel på artikkelen, Publiseringsdato (når denne er oppgjeven). (Vitja dato)
Det kan vera eit problem at sume artikklar på nettet vert oppdaterte og/eller fjerna, etter ei tid. Dette er grunnen til at datoen for når artikkelen vart vitja bør vera med.
Døme:
Dette er berre meint som starten på ein diskusjon. Det kan til dømes diskuterast korleis nettartiklar skal refererast. Artiklar der forfattaten ikkje er oppgjeven er vanlege i aviser og på nettet. Då kan ein nytta utgjevar som forfattar, som i eksempla over.
Ein ser ofte på Wikipedia at det vert referert til "eldre folk i bygd eg har tala med". Dette er ikkje særleg nyttig. Om ein refererer til personar bør namnet på den/dei det vert referert til vera med. Til dømes, om den som har kome med opplysningane heiter Chuxinius Pantevitchinson kan ein referera til ham slik:
  • Pantevitchinson, Chuxinius, Seterdrift i tida rundt fyrste verdskrig, Personleg samtale, jan 1991.
Eg vonar vi kan få ein diskusjon om dette og at den fører til ei rettleiing på Arbeidskontoret.
--Sigmundg 21:50, 1 januar 2008 (CET)
Absolutt. Og ein ting eg har tenkt på ei stund, er dette med formatering av referansar. Dei fleste av oss, meg sjølv medrekna, sloss jo for bruk av det me kan kalle «naturvitskapleg» kjeldeformatering, med eit tal i teksten som visar til ei sluttnote nedst i artikkelen. Det fine med dette er at det er enkelt å lesa ein lang artikkel med mange ulike kjelder. Men me har nokre skribentar som helst nyttar det me kan kalle ei «samfunnsvitskapleg» formatering, med alle kjelder skrive fullt ut og plassert alfabetisk til slutt i artikkelen, i teksten blir dei vist til som (Pettersen, 2007). Dersom ein ser på t.d. Francoregimet trur eg at den siste tilnærminga har noko for seg i ein del artiklar. I denne artikkelen vil truleg dei fleste referansane være til ei av to-tre kjelder, kapittelet til Carsten i The Rise of Fascism eller Beevors The Battle for Spain. Då vil det truleg være bra om ein heile tida kan sjå i teksten kven av desse som står bak ein særleg påstand. Eg trur difor at når me skriv rettleiinga vår skal me lage to normalar. --Ekko 22:25, 1 januar 2008 (CET)


Engelsk har også eigne malar for kjeldetilvisningar. Dei malane har obligatoriske objekt, Sjå til dømes denne. Sjå òg varianten frå bokmål. Noko for oss også? Hogne 22:31, 1 januar 2008 (CET)
Me har no hatt desse malane lenge. Mal:Kjelde www, Mal:Artikkelkjelde og Mal:Kjelde bok, og så har ein Mal:Fotnoteliste for å liste dei opp under artikkelen.
Dette er jo vel og bra, sjølv om dei verkeleg treng ei lettfatteleg rettleiing (vart du skræmt no? Ja! tenkte eg når eg såg nærare på dei). Men dei er til bruk i ei «naturvitskapleg» tilnærming. Eg trur me skal opne for den «samfunnsvitskaplege» tilnærminga òg. Ekko 23:03, 1 januar 2008 (CET)

Nokre tips for dei som likar å arbeide med litteraturen til artiklane:

  1. Bibsys er ein database over det som ligg i norske fag- og forskningsbibliotek. Den har grei søkefunksjon.
  2. Det er ikkje berre Opera som er ein grei nettlesar, Firefox er heller ikkje dum. Til Firefox kan du få tillegget Zotero] som m.a. hentar og arkiverar litteraturtilvisingar frå Bibsys. Du kan nytte Zotero for å halde orden på det du les og for å lette skrivinga av artiklar, og det er ikkje mykje dårlegare enn dyre kommersielle program som Reference Manager. Firefox og Zotero er gratis, sjå her om integrering mor Bibsys.

Ekko 21:37, 9 januar 2008 (CET)

Viktige spirer[endre wikiteksten]

Me har mildt sagt ein del spirer etter kvart, eit problem som garantert ikkje berre går igjen hos oss, men likevel. Eg kan nesten garantere at ein del av dei alltid kjem til å bli verande spirer, og ein del av dei burde sjølvsagt absolutt blitt utvida. I dag kan me velje sjølv kva som er ei spire og kva som ikkje er det. Nokre er sjølvsagde, som artiklar på ei linje eller to, men om viktige tema kan sjølv forholdsvis «lange» artiklar vere spirer. Det er her eg saknar ein skilnad. Eg skulle gjerne sett at ein kunne dobbeltmerke viktige emne med eit «viktig spire»-merke i tillegg til det vanlege spiremerket, slik at desse havna i ein eigen kategori som var lett å finne fram til. I dag druknar eventuelle spirer om viktige emner mellom alle dei mindre viktige emnene. Det er skilnad på ein kort artikklen om t.d. Kongedømet Italia, som eg nettopp oppretta, og ei spire om ei elv i same land. Artikkelen om kongedømet Italia bør heilt klart utvidast, men artikkelen om (tatt ut av lause lufta) Valira, kjem truleg ikkje til å verte noko lenger. --Frokor 01:26, 7 januar 2008 (CET)

På engelsk wikipedia har dei eit utal sorteringar dei set inn på diskusjonssida til artiklane; kvalitet, prosekt, men òg kor viktig han er. Etter mi meining går det heilt over skaftet med byråkrati der, men akkurat dette, å kunne sette eit stempel (gjerne på diskusjonssida) som seier «Dette er ein viktig artikkel som bør prioriterast» trur eg er ein god idè. --Ekko 09:42, 7 januar 2008 (CET)
Eg ser på bokmålsutgåva at {{viktig stubb}} er ein usynlig mal som ikkje vises i sjølve artikkelen, men berre legg artikkelen i kategorien «viktige stubber». Eg syns det var ein grei måte å gjere det på. Dei nyttar han i tillegg berre på artiklar som er ført opp på «Sider vi bør ha». --Frokor 20:08, 7 januar 2008 (CET)
Ja! Noko sånt trengs. Kva form må diskuterast. Klikkar ein no på Kategori:Spire, ser ein kjedelege og uendelege lister. Hadde det vore ei overkomeleg liste, hadde det vore interessant å bla for å sjå om ein kunne bidra. (Ei slik liste finst vel ikkje?) Kva med ein kategori ViktigeSpirer som ikkje får lov å bli lenger enn 50 eller maks 100 punkt?
Det er også eit poeng at lange artiklar likevel kan vere spirer, iallfall grovt ufullstendige. (Engelsk har ein god del slike...) --Hordaland 17:23, 7 januar 2008 (CET)
Kortare oversyn over spirer finst i mange av dei eldre månadskategoriane, som Kategori:Spirer 2006-06. Desse er typisk artiklar som treng litt hjelp, slik at det bare er å ta fatt på dei. Ei stund hadde me også ønske om utvida spirer på Wikipedia:Ynskjelista; me kan kanskje byrja med det igjen, no som det faktisk er litt liv der. --Ranveig 00:10, 8 januar 2008 (CET)
Eg synest alle dei spirene me manglar eller som er dårlege er eit større problem enn dei spirene me har. Dei fleste artiklane i eit vanleg leksikon ville ha vore spirer her. Og når me har tusenvis av viktige oppslagsord utan artiklar, synest eg det vert litt meiningslaust å laga ei lista over viktige emne som me faktisk har nokre setningar om... --Tannkrem 18:32, 7 januar 2008 (CET)
Det er fult ut mogleg for fleire å ta i eit ekstra tak i dugnaden denne månaden, så ein får utvida ein del frø/spirer. Elles gjeld kvalitetsstemplinga av artiklar slik det vert gjort på no/en artiklar generelt, uavhengig om dei er spirer, eller ikkje.--Anders 19:54, 7 januar 2008 (CET)

Heilt einig med utgangspunktet til Frokor. Det er kanskje på tide å tenka gjennom spiresystemet vårt, slik at det kan bli betre enn det er no, utan at det likner for mykje på Hydra-marerittet på en:, der kvar spireartikkel fører til tre nye spiremalar før han blir sletta.

Mitt forslag er ein ny superspiremal som let ein klassifisera ein artikkel som viktig, svært kort, halvferdig eller nesten god, om ein vil. Malen skal gjera alt -- krympa eller veksa og plassera artikkelen i kategoriar etter behov -- bortsett frå å utvida artikkelen (det skjer først i neste utgåva, viss Nyno-prosjektet kjem i gang att). --Ranveig 00:10, 8 januar 2008 (CET)

"Morosam" ny mal[endre wikiteksten]

Bokmålsbrukaren Kiire har nn -1 (minus 1) mal med teksten "Denne brukaren nektar å skrive nynorsk." Søt, kva? Mindre søt om den skulle bli populær. --Hordaland 19:46, 7 januar 2008 (CET)

Den malen har dei hatt ei stund, så dette er nok gammalt nytt. Eg har sett at sjølv administratorar nyttar den malen, og vedkommande har ironisk nok konto her og. Javel. Vi har no vårt eige alternativ og: bk-0. Den malen er eigentleg eldre. --Anders 20:11, 7 januar 2008 (CET)
Eg er sjølv vakse opp på Majorstua, blandt desse folka som skryt av kor lite dei veit og skjønar. Det er best å ta dei som mygg og dritvêr; godta at det finst og elles ikkje bry seg om det. --Ekko 21:02, 7 januar 2008 (CET)
Eg trur nok helst at det gjeld skuleelevar som ikkje fekk til norskfaga. --Anders 22:13, 7 januar 2008 (CET)

Merk at malen ligger i brukerområdet til vedkommende, no:Bruker:Kiire/Maler/nn--1. Det er altså ikke en "offisiell" mal. ZorroIII 23:09, 7 januar 2008 (CET)

Jau, lat oss ikkje laga tropisk orkan eit vassglas. Folk må få vera barnslege om dei vil. --Harald Khan Ճ 19:27, 8 januar 2008 (CET)
Dersom Kiire er ein røynd brukar, er det under andre brukarnamn. - Folk som skryter av eigen dumskap kan vere irriterande. Men det er eigentleg ganske praktisk at dei flaggar dumskapen sin med ein eigen mal. - - Knut 19:46, 8 januar 2008 (CET)
Det er vel kanskje betre sagt. Eg ser at til og med ein som kalla seg for "språkinteressert" nyttar seg av malen (forresten derifrå malen kjem). Jaudå...--Harald Khan Ճ 20:57, 8 januar 2008 (CET)
Det er nok meg du tenker. Men jeg fikk den fra et annet sted igjen! Se [1]. — H92 (som aldri har tatt seg tid til å registrere seg her) 15:43, 9 januar 2008 (CET)
Ok, eg beklagar for falsk skulnad. Gjorde visst litt original research der (ops). --Harald Khan Ճ 19:45, 9 januar 2008 (CET)
Ikke noe å beklage for. Hvordan kunne du vite det, når malen uansett er fjernet fra Jetros side! ;) — H92 (som heller ikke nå har tatt seg tid til å registrere seg her, kanskje i morgen …) 20:21, 9 januar 2008 (CET)

Dere burde ta en titt på Mal:Brukar bk-0 som ikke er direkte koselig den heller … bare for å peke litt på bjelken i deres øye også. Ment på aller beste måte, selvfølgelig (: --EivindJ 20:01, 9 januar 2008 (CET)

Nokon må visst ha det inn med teskjei: Eg har ovanfor alt nemnd Mal:Brukar bk-0 og at den var først. At dumskapen er lik på begge sider er difor ikkje noko stort å hissa seg opp for. Det tykkjer visst ikkje andre heller. Slik er miljøet på nn, vi er ikkje like krigshissige eller kallar kvarandre troll heile tida. Brukar Hordaland visste vel diverre ikkje kor nærtakande no.wiki er for malane de har.--Anders 22:28, 9 januar 2008 (CET)
Kigshissige? Nærtagende? Kaller nn-brukere troll? Så langt jeg ser det så har to no.wiki-brukere vært her inne og beklaget malen, og en (jeg) påpekte at dere har en selv … du bør roe ned på den tonen. Bjelke vs. flis? --EivindJ 09:02, 10 januar 2008 (CET)
Som eg har sagt til bokmålsbrukarar før: Når ein ikkje greier å sitere rett er det verkeleg på tide å roe seg ned. Og kor man ganger du påpeiker det som allerede er sagt, er det ikkje akkurat fredsskapande.--Anders 09:25, 10 januar 2008 (CET)

Det er ikke jeg som har laget nn--1-malen (nn minus 1), jeg har kopiert den fra noen andre. Dersom dere oppfatter malen/utsagnet støtende må jeg bare beklage, men det er min personlige mening, og jeg har all rett til å ha den. Jeg er ikke spesielt klok når det kommer til nynorsk, sannsynligvis fordi jeg aldri har hatt noen spesiell interesse for skriftspråket. Jeg er oppvokst med bokmål, og for meg (som mange andre), var nynorsk bare noe som man måtte gjennom i løpet av grunnskolen. Det er ingenting galt med nynorsk i seg selv, men jeg vil ikke skrive det. Dere kan ha deres nynorsk så lenge jeg får ha min bokmål :) — Kiire 20:32, 9. januar 2008 (CET) Kiire 20:50, 9 januar 2008 (CET) (som nå har registrert seg)

Hei!Hallo! Eg står ved framlegget mitt: godta at det finst og elles ikkje bry seg om det dette er for dumt til å få høg puls av. --Ekko 09:59, 10 januar 2008 (CET)

Lista over manglende interwikilenker oppdatert[endre wikiteksten]

I stedet for å krangle om stygge maler om bokmål og nynorsk kan alle heller være venner. Plukk derfor en tilfeldig underside på Wikipedia:Kategoriar som manglar interwiki eller Wikipedia:Manglar interwiki og legg inn interwikilenker der du finner noen. Da blir alle glade! ZorroIII 22:33, 9 januar 2008 (CET)

Eg trur nok ein ville tømd kategorikatalogen raskare om fleire folk hadde prøvd å huska på å leggje til interwikikodar med det same ein opprettar kategoriar. Ein treng berre lenkje til no/en før robotane gjer resten. Det er dermed ikkje mykje arbeid som skal til for at ein sparar areid seinare. --Anders 22:39, 19 januar 2008 (CET)

Kategoriforklåring[endre wikiteksten]

Kva med å skrive ei lita rettleiing nå ein lagar kategoriar. Sjå dette dømet frå Sverige. Dette er då lurt? --Ekko 10:51, 16 januar 2008 (CET)

Jau, lurt til å vera svensk. ;-) Eg har sansen for ei kortfatta forklaring av ein kvar kategori og viktige underkategoriar, men synest ho bør vera minst like mykje retta mot lesarar av Wikipedia som av kategorisorterarar, om ikkje meir. --Ranveig 15:36, 16 januar 2008 (CET)

«Nasjonalbiblioteket vil linkes til nettleksikon»[endre wikiteksten]

Eg les i Aftenposten i dag: «På et seminar om digitalisering i regi av Norsk Bibliotekforening i Oslo i går sa nasjonalbibliotekar Vigdis Moe-Skarstein at hun vil sette i gang en dugnad blant de ansatte for å legge inn bibliotekets åpne ressurser som linker på norsk Wikipedia.» (Kultur s. 9) Sjå òg [2] og [3]. Eg reknar med at norsk tyder både bokmål og nynorsk, men eg er ikkje sikker. Er vi med? -- Knut 19:21, 17 januar 2008 (CET)

Det er tydelegvis snakk om at dei vil ha lenkjer til seg frå oss for å få merksemd om dei digitale ressursane deira, så det er jo ikkje noko problem for båe prosjekta å leggje inn desse lenkjene. Kph 21:59, 17 januar 2008 (CET)
Nei, ikkje noko problem, men mykje arbeid; difor er det viktig at medarbeidarane som vert sett til å gjere dugnadsarbeid på wikipedia legg lenkjene inn både på bm og nn. - - Knut 22:09, 17 januar 2008 (CET)
Eg er ikkje sikker på om det er den beste løysinga at dette vert gjort av tilsette ved Nasjonalbiblioteket som ikkje kjenner Wikipedia godt nok (med tanke på hvor lenkjene er relevante og korleis det skal løysast teknisk). Det kan fort verte merarbeid for oss, og eg trur det er ein god idé å lage ein mal for dette, à la Mal:Imdb namn. Det er jo heller ikkje noko som haster, og nn: kan enkelt kopiere lenkjer og opplegg frå oss (det bør òg vere mogleg å bruke ein bot til dette). Kph 23:54, 17 januar 2008 (CET)
Det er laga nokon verkty for å seta opp slike lenkjer, men det er inkje lett å få slikt til å peike rett. Forsøk så langt indikerer at det er enklast å lenkje til bokmål og så følgje iw-lenkjer for å finne riktig artikkel på nynorsk. 87.248.30.1 11:03, 29 januar 2008 (CET)
Eg skjønner ikkje korleis det kan vere lettare å lenkje til bokmål enn til nynorsk wikipedia. Brukarar som ikkje kjenner wikipediasystemet godt vil ikkje så lett finne iw-lenkjene vidare til nynorsk. Merk at det på bokmålswikipedia er stor motstand mot å liste iw-lenkje til nynorsk framom lenkjer til andre språk.
Når det gjeld lenkjer frå wikipedia til nasjonalbiblioteket, er det like viktig (eller uviktig, for dei som meiner det) å ha lenkjene frå nynorsk som frå bokmål wikipedia. -- Knut 16:09, 29 januar 2008 (CET)

Då har me passert 29 000. Nærmar oss ein ny stor milepæl. Denne gongen var det Petropavlovsk‎. --Frokor 20:08, 18 januar 2008 (CET)

Arkivering av samfunnshuset[endre wikiteksten]

Eg ser det vert nemnd at det kanskje er på tide å arkivere samfunnshuset igjen. Eg trur det kunne vore lurt å etterkvart la ein bot gjere den boten eh, biten automagisk. På nbo arkiverer Zorrobot tinget samt lagar liste over siste svara trådar. Eg trur noko slikt kunne vore lurt her og. I dag er det nær umogleg å halde igang eldre trådar etterkvart som nye ramlar inn. Zorrobot gjer alt mykje nyttigt arbeid for nn: iw-lenkjing, lagar og held vedlike liste over artiklar/kategoriar utan iw, samt lista over Tor nodar - sjølv om det siste ikkje vert fulgt opp frå vår side. Kunne det vore ein ide å å få Zorrobot til å vedlikehalde samfunnshuset og? Eller har me nokon her som kunne automatisert den jobben? --Anders 22:55, 19 januar 2008 (CET)

Eg har ingenting i mot å sleppe Zorrobot laus. --Frokor 23:24, 19 januar 2008 (CET)
Ikkje eg heller, Zorrbot er ein fin ting å ha. --Ranveig 16:02, 21 januar 2008 (CET)
Mens jeg fikler med koden kan dere i mellomtida tenke litt på hvordan dere ønsker arkiveringa. Se gjerne no:Wikipedia:Tinget/Arkiv for inspirasjon. ZorroIII 16:35, 23 januar 2008 (CET)
Er det ikkje berre å bruke same opplegget? Virker ryddig og greit der. Kanskje me kunne tatt månad for månad og ikkje veke for veke, sidan det ikkje er like mykje aktivitet her som på Tinget? --Frokor 19:27, 23 januar 2008 (CET)
Dere har litt annen organisering her (Bla bruk av dere har 4 hoveddebatter), dermed må scriptet som gjør arkivering tilpasses før det kan settes i drift her. ZorroIII 18:49, 31 januar 2008 (CET)

Eg nyttar {{}} heile tida frå edittools (spesialteikn og typografiske og wikimediateikn) som ligg under editeringsvindauget. Er det berre hos meg at denne no er endra til [[:Mal:]]? Eg tenkte det var nokon som hadde endra dette på edittools-sida, utan at eg såg den heilt store nytten med endringa. Det er derimot ingen som har endra noko som helst der og på sjølve MediaWiki:Edittools-sida ser alt fint ut. Så kva skjer? --Frokor 17:37, 20 januar 2008 (CET)

MediaWiki har nok lagt ut den nye pre-pareseren sin. Eg vil tru at den kjem til å gje andre effektar òg. --Bep 18:25, 20 januar 2008 (CET)

ǫ - O med kvist[endre wikiteksten]

Når ein skriv norrøne ord, kan ein ha bruk for ǫ - o med kvist. Burde ikkje det teiknet ha lege i lag med spesialteikna Þð ?-Knut 09:49, 23 mars 2008 (CET)

Ja. Fiksar det no. -- Olve 10:26, 23 mars 2008 (CET)
Gjort. -- Olve 10:28, 23 mars 2008 (CET)

Robotar, Robåtar og andre Bottar og Bøtter[endre wikiteksten]

Og kvifor er språkfila plutseleg endra frå "robotar" til "bottar"? Bott er, såvidt eg veit, ikkje noko ord. Det hadde vore vent om me kunne halde oss unna slang i sjølve grensesnittet. Eg ser ein del andre forandringar og språkfiler som vert sletta. Om språkfila vert flytta nokonstans hadde nok det greiaste vore å halde seg mest mogleg til det som alt er omsatt, med mindre det er gode grunnar til anna. --Anders 18:03, 20 januar 2008 (CET)

Det har ikkje vore nokon praksis på dette tidlegare, så vidt eg veit. Sjølv har eg sett både «bott» og «robot» brukt i MediaWiki-filene her på Nynorsk Wikipedia. Eg visste dermed ikkje kva for eitt av dei eg skulle bruke. Eg valde bott, ettersom det er det ordet som verka mest brukt i diskusjonar her og på no:. I ettertid synest eg nok robotar høyrest betre ut, spesielt sidan ein bott ikkje finst i ordboka. Andre som har meiningar om dette? Dersom ikkje endrar eg til konsekvent bruk av «robot».
Elles er eg einig med deg i at det så langt som mogleg er greitt å nytte seg av det som allereie er omsett her når ein skal omsetje i «dei offisielle filene». (Dei systemmeldingane som vert omsette her dukkar ikkje opp i omsett versjon andre stader enn her.) Likevel finn eg ofte svært ukonsekvent språkbruk i dei ulike systemmeldingane her, sidan det er mange ulike personar som har omsett dei. Difor har eg gjort enkelte småendringar i høve til dei omsetjingane som er gjorde her. --EIRIK\diskusjon 16:58, 21 januar 2008 (CET)
Kvar er det ein driv og omsett? Det kunne vore greitt å ha ein peikar herfrå til det. Elles er det flott at nokon samordner og ordner elles og. --Ranveig 19:25, 21 januar 2008 (CET)
Sjå "Betawiki: better support for your language in MediaWiki." eit langt stykke ovanfor. Det ser ut som det er der det skjer. --Anders 19:59, 21 januar 2008 (CET)
Svara litt grundig om dette på diskusjonssida di, Ranveig. --EIRIK\diskusjon 21:06, 21 januar 2008 (CET)

Når eg høyrer ordet robot, tenkjer eg på ein industrirobot eller eit japansk leiketøy. Bot, derimot, forbinder eg med ein automatisk programvare. Sjå elles en:Internet bot og en:Robot. --Harald Khan Ճ 17:41, 21 januar 2008 (CET)

«Bot» er då noko ein får av onkel politi? --Ranveig 19:20, 21 januar 2008 (CET)
Bot er då berre ei forkorting av robot, og gjev meg same assosiasjonen som Ranveig. Programvareagentar er definisjonen som er brukt på no om wp (ro)botar. Er det eit namn me kan bruke? --Anders 19:37, 21 januar 2008 (CET)
Nei, det var då fælt så omstendeleg. Robot er greitt - det finst mange robotar som ikkje liknar dei gamle venene våre frå Donald. Bott (eller vil vi skrive bot?) er på full fart inn i språket, som i svensk [4], og vil vere i ordlista om få år. Men vi bør kanskje vere forsiktige med å ta framtida på forskott, og heller skrive robot om datarobotane, enn så lengje. -Knut 19:47, 21 januar 2008 (CET)

Framtidige hendingar[endre wikiteksten]

Eg er i eit lite ordskifte med ein kar på Arctic Equestrian Games, mellom anna om omtale av framtidige hendingar, i dette tilfellet eit kommersielt hestestemne. Eg reknar dette som utidig reklame og meiner me har sedvane for å ta det vekk. Brukaren, som ikkje har skrivi her før, går ikkje med på dette. Kan me ta eit kjapt ordskifte? --Ekko 14:00, 21 januar 2008 (CET)

Se på følgende artikler: Ryfast, Sommar-OL 2008, Vinter-OL 2018 m.fl.. Jeg er egentlig ikke så opphengt i hva resultatet av ordskifte blir, men alle er vel enige om at det bør være litt klarere retningslinjer på dette, slik at det ikke varierer fra artikkel til artikkel. --EivindJ 14:22, 21 januar 2008 (CET)
Opplysingar om fram- og samtidige hendingar kan vera nyttige, sjølv om det vel ikkje er så veldig vanleg å omtala dei i leksikon. Det ser særs amatøraktig ut å lesa om at noko skal finna stad på haustparten i 2004 når ein sit og les i 2008 -- og slik blir det, sjå til dømes artikelen om Aktive langrennsløparar, som sist blei oppdatert i 2006. Framtidige hendingar bør berre omtalast når dei er viktige (her meiner eg personleg at datoen for AEG i år er viktig i ein artikkelen som handlar om arrangementet), og merkast godt. Kanskje dei kan leggast inn i ein mal som skjuler teksten etter at datoen er passert? (*gnir seg i malmakarhendene*) --Ranveig 16:01, 21 januar 2008 (CET)
Ja, dei kan vere nyttige, men vi bør ha som hovudregel å vente med å skrive artiklar til vi veit kva som har hendt. På bm-wiki har dei som praksis å omtale pågåande hendingar, sjå t.d. her, eller å la dagsaktuelle problemstillingar få stor plass i historiske artiklar, som her. Eg synst ikkje vi bør ta til oss den praksisen. Men Operabygget skulle hatt ein artikkel, det var eit omgrep alt før det vart påbegynt. Lista kan leggjast litt lågare, som då vi omtalte Ávvir. -- Knut 16:51, 21 januar 2008 (CET)
Ja, på ein skala frå Operabygget til første plata (kjem sikkert!)til ei nystarta musikkgruppe (berre me får tak i ein bassist), trur eg at eg ligg nokså nære Operabygget. Dvs. at emnet må vera ein del av det offentlege ordskiftet for å fortene artikkel. Sjå t.d. diskusjonen rundt Penna Forlag og omtale før dei gav ut bøker. Eg stør altså Knut i det han skriv over. Om neste stemne i AEG skal med bør dei merkast med kva tid opplysinga blei satt inn, altså når det var sant at noko var planlagt. --Ekko 17:24, 21 januar 2008 (CET)

Kva som har allmenn interesse[endre wikiteksten]

I lys av debatten nemnd over, og ei rekke andre, trur eg det vil vera lurt å prøva å finna ut kva som har allmenn interesse, og dermed bør omtalast på Wikipedia, og kva som ikkje har det, og dermed ikkje høyrer heime her. Det er mange ulike syn her, og eg trur mange er einig i at me bør prøva å samkjøra dei.

Slik eg ser det, høyrer emne (eg har tenkt mest på artiklar, men dette burde kunne brukast for opplysingar i artiklar og) til ein av tre kategoriar:

Til kategori A høyrer sjølvsagte emne, som land. I kategori B finn ein mellom anna musikkgrupper, men der trur eg me har utvikla ein politikk om at musikkgrupper som har gjeve ut verk på eit musikkselskap høyrer til i A, medan dei som ikkje har det som regel høyrer til i C. Om me innfører eit slikt system blir altså oppgåva vår å finne fram til retningslinjer for vanlege emne slik at dei kan sorterast i kategori A eller C, medan minst mogleg blir igjen i B, som må diskuterast kvar for seg.

Fordelen med eit slikt kategorisystem er at det blir lettare å samanlikna ulike emne og kriterium, slik at alle emne kan bli dekte på ein mest mogleg jamn og rettferdig måte. Ulempa er at det verker ganske byråkratisk. Kva meiner allmugen? --Ranveig 16:25, 21 januar 2008 (CET)

Hugs
  1. vi gjer dette for moro skyld
  2. vi veit ikkje kva som er viktig
  3. vi veit ikkje kva andre er interesserte i
Reglar bør vi ha, og utgangspunktet ditt er godt. Men praktiseringa av reglane bør ikkje vere rigid. --Knut 17:05, 21 januar 2008 (CET)

Applaus! Bra Knut, du har heilt rett. Kunne ikkje sagt det betre sjølv! --Administrator Cato 17:11, 21 januar 2008 (CET)

Eg er einig i at punkta 1-3 er viktige, me kan gjerne meditere over dei kvar kveld. Og i utgangspunktet er det sikkert betre å ha med for mykje enn for lite. Det som kan bli litt dumt er om me blir ståande med få artiklar om eit emne kor det burde vore fleire om me i det heile skulle ha nokon. Eit døme eg kjem på er journalistar. For ein som ikkje veit så mykje kan ein kanskje tru at dei som har fått artikkel peikar seg ut på eit vis. Men ser ein gjennom lista over dei som ligg i kategorien norske journalistar ser ein at det nålauget er særs stort, og når ein som Karianne Solbrække slepp inn er det truleg mange hundre viktigare namn som er forbigått. Poenget mitt er at det er vanskeleg å skjøne kva som er viktig og ikkje om alt blir viktig. --Ekko 17:37, 21 januar 2008 (CET)
Eg er også einig i punktet til Knut som kjem etter 3, at reglane -- eller retningslinene, som eg synest er eit mindre strengt omgrep enn reglar -- ikkje bør vera absolutte. Det bør alltid vera rom for at noko skal få vera med sjølv om det høyrer til i ein C-kategori, om ein kan argumentera og få tilslutning for det, eller at noko kan slettast/skrivast saman med noko anna sjølv om det er i ein A-kategori.
Dei andre alternativa, slik eg ser dei, er å gjera som no -- ha eit litt tilfeldig rot der noko blir sletta medan anna (og tynnare) stoff blir teke vare på; å seia at alt som har namn høyrer med i Wikipedia; eller å seia at ingenting skal vera med her til det er vist at det fortener ein plass. --Ranveig 19:19, 21 januar 2008 (CET)
Punkta mine er ikkje noko uttrykk for at eg usamd i at vi treng retningsliner, dei er berre argumentasjon for konklusjonen, som Ranveig er samd i : )
For kvalitet vil vi ha (kvalitet er morosamt i lengda). Og kvantitet (eg måtte på bm-wiki for å få bronsevinnarane i dei siste fem fotball-VM, gjer du noko med det, Cato?)--Knut 16:21, 22 januar 2008 (CET)
Knut sitt utgangspunkt for denne debatten er viktig. Det er svært vanskeleg for oss å avgjere kva som er leksikonverdig. Eg meiner at vi skal ha plass til alt som er fakta og kjeldebasert. Det er ei utfordring fordi "uviktige" artiklar kan bli skrive før "viktige" artiklar. Den totale vektinga kan då bli slik at noko blir oppfatta som viktigare enn andre. Men hovudutfordringa då er nok ikkje at vi har ein artikkel for mykje om ein "uviktig" journalist, men at vi har alt for tynne artiklar om viktige (utan hermeteikn) ting som land og historiske hendingar. stykkjet 09:02, 23 januar 2008 (CET)
Dette synest eg er vanskeleg å ta bokstaveleg. Ut i frå det du skriv her er det mogeleg å skrive wikipediaartiklar på over halvparten av den vaksne folkesetnaden i Noreg. Og du meiner truleg ikkje at det er greit? Elles så kan eg sjølvsagt skrive ein rykande god artikkel om meg sjølv og korleis eg var tillitsvald i det lokale Natur og Ungdom-laget på 70-talet, for seinare i livet vise ei brennande interesse for fotgjengarfelt i Oslo, og ha ein lysande politisk karriere som medlem av Helse- og sosialkomiteen i ein av bydelane i Oslo. Alt kan dokumenterast med offentleg tilgjengelege kjelder, men det blir jo temmeleg parodisk? For ikkje snakke om alle artiklane me kan skrive om Storgata i Oslo, Storgata i Svolvær, Storgata i Leknes osb.! Så det bør vel gå ein strek ein plass? --Ekko 09:16, 23 januar 2008 (CET)
Det går kanskje ei grense ein stad. Men korfor skulle det vere så ille med ein artikkel om Storgata på Leknes (reint bortsett frå at eg har vanskar med å sjå korfor nokon skulle vere interessert i det hormonbehandla vegkrysset)? Då er nok grensa for kva personar som vi skal omtale litt vanskelegare. Eg har ikkje noko godt forslag til kor grensa går, men ei viktig grense må vel vere at andre enn ein sjølv synst det er viktig å ha ein artikkel på wikipedia? Eg trur at desse sakene løyser seg best frå sak til sak. Retningsliner eller reglar trur eg fort blir for rigide. stykkjet 10:56, 23 januar 2008 (CET)

Wikipedia i BA[endre wikiteksten]

BA tok kontakt med meg på jobb forrige veke etter å ha lese artikkelen i Bladet Sunnhordland. Dei ville ha eit nytt intervju og i dag var artikkelen i del 2 av BA (berre papirutgåva ser det ut til). Artikkelen i BA var eigentleg stort sett over same lest som den i Sunnhordland (til og med overskrifta var identisk, berre på bokmål). Her er ei lenkje til PDF-utgåva med små bilte av kvar side. Begge gongane var det avisene sjølv som tok kontakt, så eg føler meg noko «ufrivillig» dradd inn i dette. Eg har ikkje lyst å bli «wikipediamannen» (meteorologen passar meg betre :-) ) Men fører det til at me får fleire til å skrive her så har eg no oppnådd noko i det minste. --Frokor 22:50, 22 januar 2008 (CET)

Forstår deg godt, men du gjer ein stor innsats på fleire fronter, og det er bra. Men omtale på wikipedia, er det enno lenge til du får. Lista ligg høgre : ) - - Knut 23:01, 22 januar 2008 (CET)
Æsj. Artikkelen vart nemnd i NRK Hordaland i dag tidleg. Hjelp det? :P --Frokor 23:13, 22 januar 2008 (CET)
Kan me skryte på oss at me har høgare kvalitetsmål enn BA? --Ekko 23:17, 22 januar 2008 (CET)
(Uavhengig av akkurat denne saka:) Ja. -- Olve 07:28, 23 januar 2008 (CET)
Nei, her er det ikkje snakk om skilnader i kvalitetsnivå. Men nyheiter er ein ting, leksikon er noko anna. - - Knut 23:23, 22 januar 2008 (CET)
Hmmm, hadde du berre sagt det tidlegare før butikken stengde... :( Heldigvis kan ein kjøpe PDF utgåva via mobiltelefon... :) 23:19, 22 januar 2008 (CET)
Eg oppdaga det ikkje sjølv før kl. 22 då ein ven gjorde meg oppmerksom på det. --Frokor 23:20, 22 januar 2008 (CET)

Flytting av sider[endre wikiteksten]

Frå 2. januar i år kan ikkje lenger heilt nyregistrerte brukarar flytte sider. Det har vore slik i lengre tid på en.wikipedia og fr.wikipedia, men no er det standardinnstillinga i heile Wikimedia-heimen. Sjå bugzilla:12071. --Jorunn 09:43, 23 januar 2008 (CET)

Det foregår en diskusjon på bokmålswikipediaen om forslåelege språk skal listast først, kanskje det er ein diskusjon som fleire her er interessert i. Og medan eg er inne på temaet:

Det er fleire og fleire wikipediar ute, kva med å innlemme fleire nære språk i den prioriterte lista? Eg kunne godt tenkt meg at engelsk, tyskt og spansk vart lyfta opp. Hogne 22:24, 26 januar 2008 (CET)

Eg synest ikkje det er særleg lurt, enkelt eller praktisk å ta fleire språk ut av den alfabetiske lista. Eg kan sjå poenget når det gjeld engelsk, sidan dei aller fleste som kan norsk også kan engelsk, men eg er skeptisk til heile greia (for kva er det som gjer engelsk, tysk, spansk og fransk viktigare enn samisk, kvensk, islandsk, færøysk, finsk, russisk, polsk, kinesisk osb, bortsett frå at dei har meir innhald på wikipediaene sine?) --Tannkrem 22:58, 26 januar 2008 (CET)
Einig med Tannkrem her. Eg synest det systemet vi har i dag fungerer godt. --EIRIK\diskusjon 23:24, 26 januar 2008 (CET)
Kva andre språk ein kan lese skil frå individ til individ, ikkje etter kva Wikipedia ein er på til ei kvar tid. No er det over 240 opne Wikipediar, 148 av dei har over 1000 artiklar, og somme interwikilister vert lange og vanskelege å raskt finne fram på. Ei liste med 240+ språknamn på 240+ ulike språk er ikkje brukarvenleg. Ein burde kunne få sortert interwikilista si individuelt via innstillingane på brukarkontoen sin. --Jorunn 23:32, 26 januar 2008 (CET)
Eg er veldig fornøgd med ordninga sånn ho er i dag. Men: Det er muleg å gjøra det sånn at utvalte språk står med feit skrift. Det går an å ha det i tillegg til skanwikien. --KRISTAGAα-ω 02:51, 28 januar 2008 (CET)
Det høyrest ut som ei god løysing som framhever ulike «kjende» språk samtidig som me får vist fram Wikipedia-rikdommen. --Ranveig 16:24, 28 januar 2008 (CET)

Godt forslag av Kristaga, då bør det vel i tilfelle vere bokmål, engelsk, simple engelsk, tysk, fransk, spansk og kinesisk som vert utheva. --Administrator Cato 16:32, 28 januar 2008 (CET)

Kinesisk? --Harald Khan Ճ 16:34, 28 januar 2008 (CET)

Ja, kvifor ikkje? Det er det største språket i verda. Og det er vel ikkje umogleg at det finst nordmenn som kan kinesisk heller? --Administrator Cato 16:35, 28 januar 2008 (CET)

Cato: Den store konsentrasjonen av folk som brukar kinesisk er i Kina, på same måte som den store konsentrasjonen av dei som brukar nynorsk er i Noreg! :) --EIRIK\diskusjon 16:42, 28 januar 2008 (CET)

Engelsk, spansk, tysk, simple engelsk, fransk og bokmål då i alle fall. --Administrator Cato 16:44, 28 januar 2008 (CET)

Skanwikisystemet vi har er bra, utheva skrift som eit tillegg eller alternativ høyrest òg bra ut. Men eg ser også her fordeler ved at vi samordnar med andre wiki-språk. Er det håp om at no og nn, kanskje og sv og da, kunne samle seg om ei felles løysing? -- Knut 18:40, 28 januar 2008 (CET)

Kan nokon definere problemet som skal løysast? --Ekko 20:38, 28 januar 2008 (CET)

Problemet er
1) å samle nn og no, gjerne òg sv og da, om ei sams skanwikiløysing.
2) å finne ei teknisk løysing som harmonerer med løysinga vi evt er blitt samde om.
Sjå elles diskusjonen på Tinget. Her er det gjort framlegg om å få skanwikilenkjer i utheva skrift, anten øvst eller på alfabetisk plass. - Knut 22:03, 28 januar 2008 (CET)
Når eg ser kva for argument som blir nytta på nb: trur eg at eg helst vil vente litt. Etter mi meining er vår løysing god og treng ikkje endrast på. --Ekko 22:13, 28 januar 2008 (CET)
Det kan nok vere klokt å vente (og ta pkt 1 før pkt 2). Vi har ei god løysing, men om no: finn ei løysing som er nesten like god eller tilogmed betre, bør ikkje vi vere av dei som rid kjepphestar. - Knut 22:21, 28 januar 2008 (CET)
Sjølvsagt kan folk koma med forslag. Men det er ikkje det same som at me har ei problemstilling som skal løysast. Og når du heile tida seier at me skal finna ei løysing, samlast om ei løysing o.l., høyrest det ut som om me har noko me treng å løysa (eit problem). Og det har me jo ikkje, så lenge dei aller fleste er nøgde med det systemet me har. På nb:, derimot, har dei eit problem (eit tilfeldig skanwikisystem, som ikkje alle er nøgde med), og treng ei løysing (som kan vera å innføra skanwiki etter vår modell, men som òg kan vera noko heilt anna). Og eg vil ikkje gå inn for at me skal innføra eit «nesten like godt» system som det me har, dersom nb: gjer det, anten du kallar det ein kjepphest eller noko anna. --Tannkrem 22:33, 28 januar 2008 (CET)
Eg ser at eg har brukt ordet VI i to tydingar: Først om wikipedantar som les norsk (på nn: og no:), sidan om brukarar på nn:. Med den forklaringa håper eg du finn meir meining i det eg har skrive. - Knut 22:54, 28 januar 2008 (CET)

Har lagt inn halvfeit skrift på iw-lenkjene til bokmål, svensk og dansk no, slik at vi kan sjå korleis det fungerer. Kva synest de? Skal vi ha desse i halvfeit skrift, skal vi inkludere fleire i halvfeit skrift, eller skal vi droppe heile idéen. Fyr laus! :-) Olve 20:05, 29 januar 2008 (CET)

Bra! Men eg måtte opne i IE for å sjå det. Verknaden vert størst om det er svært få i halvfeit skrift. Utvalet du har gjort er bra - heller færre enn fleire (sjølv om eg av språkpolitiske grunner ikkje vil protestere om nokon ber om få samisk utheva). -- Knut 20:20, 29 januar 2008 (CET)
Når endringar vert gjort i stilarka må ein som regel laste sida på nytt for å sjå endringar. Han kjem no i nettlesaren du nyttar til vanleg òg. Eg syns det tok seg bra ut. --Frokor 20:30, 29 januar 2008 (CET)
Heilt einig med Knut når det gjeld nordsamisk (urfolk i Noreg); i tvil når det gjeld færøysk, islandsk og finsk (nasjonal minoritet). Engelsk? Men helst ikkje fleire enn ein 5–7 språk totalt, ville eg seie.... -- Olve 20:56, 29 januar 2008 (CET)
Eg ville gjerne sett at engelsk var med. Mitt inntrykk av «vanlege» brukarar eg har snakka med, dei som berre les og ikkje nødvendigvis skriv, er at dei nyttar nynorsk, bokmål og engelsk når dei nyttar wikipedia. Men ta gjerne med svensk og dansk og fleire for min del. --Frokor 21:09, 29 januar 2008 (CET)

Eg ville gjerne sett at engelsk ikkje var med! Noreg er ikkje ein engelsk koloni! Om engelsk er med bør òg fransk og tysk med. Og kvifor ikkje russisk og finsk. --Sigmundg 21:43, 29 januar 2008 (CET)

Ja, kvifor ikkje? Berre å køyre på for min del. Eg har ikkje sagt at berre engelsk bør vere med visst det var det du trudde, men at det bør vere eitt av dei som vert utheva. Kortid byrjar ein med engelsk i grunnskulen no? Andre klasse? Noreg er gjerne ikkje ein engelsk koloni (kva no det var for eit argument!), men at dei fleste i Noreg har gode engelsk kunnskapar er vel ikkje akkurat ei bombe. Så kvifor skulle det ikkje vere med om ein i det heile tatt skal utheve iw-lenkjer? --Frokor 21:50, 29 januar 2008 (CET)
Ja, eg les sjølv mykje meir engelsk enn norsk, men eg tykkjer ikkje at engelsk bør reknast som like viktig som norsk, i Noreg. Eg trudde grunnen til at svensk, bokmål og dansk var plassert øvst er at dei er svært like norsk. Sjølv om mange nyttar engelsk i samband med arbeidet er det vel ikkje så mange i Noreg som har engelsk som morsmål. Eg vil tru at språk som samisk, urdu, kvensk, vietnamesisk, somali, arabisk, kurdisk, osb. er viktigare (morsmålet må vel reknast som det viktigaste språket?). Eg er samd med Brukar:Frokor om at mange kan engelsk, men eg tykkjer ikkje at det bør framhevast over andre germanske språk; både tysk og nederlandsk er meir like norsk. Om ein skal gå etter språkleg nærleik må vel færøyisk og islandsk vera med, men det såg eg at Brukar:Olve var skeptisk til. Det tykkjest vera så mange ulike meiningar om kva språk som skal vera med, at så lenge kvar innlogga brukar ikkje sjølv kan konfigurere lista er det truleg best at det berre er dei skandinaviske språka som står øvst. --Sigmundg 01:23, 30 januar 2008 (CET)
Ja, men då er me eigentleg einige. Eg trur det vert vanskeleg å sette ei grense for kor mange språk som skal med og kva for språk det evt. skulle vere. I eit personleg oppsett hadde eg vald bokmål, svensk, dansk, engelsk, fransk, tysk og russisk sidan eg nyttar desse mest og nesten ingen andre, og personleg skulle eg gjerne derfor sett desse utheva, men andre har sikkert heilt andre preferansar. Eg tvilar på alle vert nøgd (om det er målet) om me går for ei slik løysing. Men eigentleg er eg ganske nøytral til det heile, sjølv om det kanskje ikkje virka slik. Eg skal nok finne fram uansett. --Frokor 01:51, 30 januar 2008 (CET)
Ja, motivet for endringane bør ikkje vere omsynet til oss som skriv. Motivet bør vere å gjere wikipeidia meir brukarvennleg. Skanwiki er brukarvennleg for dei fleste som les nynorsk. Men med nettlesaren min (Opera) er ingen av lenkjene halvfeite. Kva gjer eg gale?
Det er ikke uthevet skrift på nn-wiki per dags dato, men på no-wiki. Her på nn sorteres det med skanwiki øverst. Mvh Tpb 14:54, 30 januar 2008 (CET)
Jodå, no/sv/da og en er absolutt utheva. det tok berre lit tid før det kom i kraft. sjekk nettlesaren din og tøm eventuelt cachet Anders 18:05, 30 januar 2008 (CET).


På nb og da (og kanskje andre eg ikkje veit om) har dei installert eit script som i brukarinstillingane gjev ein ny arkfane kallt "tillegsfunksjoner". Her kan brukarane sjølv endre kva språk ein vil ha øverst, om det er skandinaviske språk, skandinaviske + en og så vidare. Det kunne jo vere ein ide her og sidan det også her er ulike preferansar i kva språk ein mestrar og føretrekk. Det kunne jo vore ein ide og installert no:MediaWiki:Gadgets-definition og no:spesial:Gadgets her og, så slepp ein klusse meir med sorteringa av wiki-lenkjene (Eg tykkjer dei bør sorterast slik som no for uregistrerte brukarar) Anders 15:59, 30 januar 2008 (CET)

Eg likar best at språka ikkje er sorterte, for det er framleis mange artiklar som ikkje nyttar Skanwiki. Resultatet er at ein må leita både øvst og alfabetisk. --Sigmundg 17:40, 30 januar 2008 (CET)
Fordelen med det dei kallar Gadgets er at alle kan ha det på sin måte, istaden for ein måte for alle saman. Så det vert eit argument for denne utvidinga. Det siste argumentet skjønar eg ikkje, absolutt alle artiklar på nynorsk wikipedia blir sortert etter no/sv/da. Robotar sørger for at feilsorterte artiklar vert sortert rett. Det hender at nokon som ikkje skjøner opplegget rotar det til, men det skuldast at ikkje alle artiklar vert påført liminn:skanwiki-malen (eller dei har restar av den gamle sorteringsopplegget). Er det det du meiner med at mange artiklar ikkje nyttar skanwiki? Dei vert likevell sortert no/sv/da.
Ja, det gjeld berre artiklar der det er rot med liminn:skanwiki-malen. Er ikkje sikker på kor mange artiklar det gjeld. Kanskje det går nokre dagar før robatane rettar slikt? Eg støttar framlegget om konfigurerbare innstillingar. --Sigmundg 18:20, 30 januar 2008 (CET)
Roboter benytter forskjellige metoder for hvilke artikler de jobber med. Selv har jeg satt opp min bot til å legge inn interwikilenker på alle nye sider på hhv no, nn, sv og da en gang i timen. Det betyr at om man oppretter en artikkel på en av disse wikiene vil boten sortere og legge inn evt manglende iw-lenker, samt legge inn lenke til den nye artikkelen i tilsvarende artikler på de andre wikiene. Vær oppmerksom på at boten kjører i såkalt autonom modus. Det betyr at den gir opp om den finner konflikter. Andre boter har andre rutiner. Forøvrig er det forholdsvis enkelt å sette opp egen bot, som man kan kjøre ved behov. ZorroIII 21:35, 30 januar 2008 (CET)

Har de sett på korleis iw-lenkjene er sortert på dansk wikipedia? Det ser ut til at forfattarane skriv lenkjene inn alfabetisk, men på skjermen framstår dei med tysk, engelsk, fransk og skandinaviske språk før røkla. - - Knut 21:57, 30 januar 2008 (CET)

Oioioi!!! :-D Olve 22:08, 30 januar 2008 (CET)
Det er det ovanfornemnde(!) programtilleget som gjer det. Vert me einige om å bruke det her og får alle registrerte brukarar lenkjene sortert slik dei sjølve vil ha dei (Og bokmålsbrukarar slepp klage over at Arabisk og Basa Banyumasan ikkje er øverst)... Anders 23:19, 30 januar 2008 (CET)
Like viktig er det at uregistrerte brukarar får eit skanwikisystem (default). Når vi tar systemet i bruk, vert det lettare å importere interwikilenkjer ved omsetjing av artiklar. - Knut 23:31, 30 januar 2008 (CET)

Fotballspirer[endre wikiteksten]

Eg har no laga malen Fotballspire. Det hadde vore kjekt om alle heretter kunne nytte denne på korte fotballrelaterte artiklar i staden for idrettsspire. Eg har gjort dette fordi eg ser at Kategori:Idrettsspirer stortsett berre består av fotballartiklar. Dette syner at fotball er eit emne som er stort nok til å få si eiga spire. Dersom nokon har nokre tankar om dette må de gjerne kommentere under. Mvh --Administrator Cato 14:45, 28 januar 2008 (CET)

Bra. Det hadde sikkert ikkje vore dumt å dela opp dei andre spirekategoriane òg, mange av dei er vel ganske store etterkvart. --Tannkrem 17:27, 28 januar 2008 (CET)
Einig med Tannkrem her. Berre sjå på Kategori:Geografispirer. 2134 spirer er det der, eg er sjølv skuldig i ein del av dei, men eg hadde mange gonger ønskt å delt dei opp. --Frokor 21:34, 28 januar 2008 (CET)
Me kan kanskje byrja med å dela opp i nokre få grupper: Mal:Landspire, Mal:Europaspire, Mal:Amerikaspire, Mal:Afrikaspire, Mal:Oceaniaspire, Mal:Asiaspire, Mal:Noregspire. Eller Mal:Landspire, Mal:Fjellspire, Mal:Elvspire, Mal:Havspire osb. Deretter gjer me det same i dei andre kategoriane. Så får me starta den lange jobben med å fordela spirene etterpå, og dela opp enno meir der det trengst...
Me kan òg, om me vil, gjera som på en:, der dei har ein haug med spiremalar, og gjerne puttar to eller tre av dei i kvar artikkel. Men det trur eg er ein dårleg idé. --Tannkrem 23:10, 28 januar 2008 (CET)
Er det nokon som veit om slik spireinndeling verkeleg verker? Er det til dømes nokon her som er blitt inspirerte til å utvida ølspirer eller noko anna smått på grunn av ein slik kategori? Personleg synest eg me bør bruka minst mogleg tid på altfor fin inndeling, når me heller kan bruka henne på å sjekka og retta feil og utvida spirer. (Viss spireinndeling fører til grundig gjennomgang er sjølvsagt det fint, men det eg har sett av slikt tyder på for mykje automatsortering). --Ranveig 23:35, 28 januar 2008 (CET)
Øl og drikkespiremalane kan vel trygt slåast saman, men då må jo me forsåvidt nytta tid på det og.

. Anders 23:46, 28 januar 2008 (CET)

Ranveig har nok eit poeng. Men om me i det heile skal ha spirekategoriar, bør dei vel vera små nok til at me får plass til heile kategorien på ei sida. Viss me ikkje trur nokon brukar spirekategoriane kan me jo like godt bruka berre Mal:Spire og omdirigera dei andre spiremalane dit, og la alle spirene liggja alfabetisk sorterte i ein haug, så let me kategorisystemet (som også treng litt omsorg) ta seg av kategoriseringa... --Tannkrem 23:52, 28 januar 2008 (CET)

Traktat, avtale eller fred?[endre wikiteksten]

Kva er best å bruke av desse tre? T.d. «Londontraktaten/London-traktaten», «Londonavtalen/London-avtalen», «Freden i London» eller «Londonfreden/London-freden» om diverse fredsavtalar signert i ymse byar og stader. Eg kjem stadig over desse i artiklane eg skriv og har nytta litt forskjellig. Er det nokre som bør nyttast før andre eller er det det same? --Frokor 01:15, 30 januar 2008 (CET)

Jeg bruker Londontraktaten dersom egennavnet foran bare består av ett ord (selvsagt bare hvis det er snakk om en traktat, altså treaty hvis du oversetter fra engelsk). Det finnes noen få eksempler på tilfeller hvor mediene har døpt hendelser til avtalen når man kanskje egentlig burde ha brukt ordet traktat, men to små Google-søk løser jo det problemet raskt og enkelt.
Dersom det er to ord (f.eks. New York), ville jeg derimot ha skrevet det som New York-traktaten. Det vil sikkert være noen i Språkrådet som er uenige med meg her, for jeg vet at det eksisterer en «regel» om at ord med egennavn egentlig skal deles opp med bindestrek når det tilføyes et annet ord. Spørsmålet er om man har friheten til å velge. Mvh Tpb 14:51, 30 januar 2008 (CET)
Eg har kikka på Samlagets Norsk historie (ISBN 82-521-5533-2) utan å finne nokon klar praksis: B. Furre skriv «Kielfreden» på den eine sida og «Kietraktaten» på den andre (kanskje er det to forskjellige ting??); andre forfattarar i verket skriv «Karlstad-forliket» og «Freden i Brømsebro». Så her må vel etablert praksis og språkøyra få avgjere frå gong til gong? -- Knut 16:16, 30 januar 2008 (CET)

Tysk må òg vera med tjukk skrift. Gwgwrgwrehg 01:24, 30 januar 2008 (CET)

Gratulere til Bokmålswikipediaen med 150 000 artiklar[endre wikiteksten]

Kanskje vi skal koste på oss å skrive det i toppteksten. Det er ikkje nødvendig å reklamere med 29.000 i fleire veker... Hogne 09:24, 30 januar 2008 (CET)

Absolutt! --Ekko 09:25, 30 januar 2008 (CET)
Det er ikke stor t i "tysk". ;) — H92 21:04, 30 januar 2008 (CET)
Det er stor T i Tysk Wikipedia, som er skrevet på språket tysk, som har liten forbokstav...! ;)) Olve 21:26, 30 januar 2008 (CET)
Åh, selvfølgelig, hvis man regner "Tysk" som å være en del av navnet. Men stor W i "Wikipedia" var bra, i hvertfall! ;) — H92 21:53, 30 januar 2008 (CET)

Framlegg om å utestenge Jhs[endre wikiteksten]

Eg har ikkje tillit til brukaren "Jhs" på grunn av det eg ser som openberr sabotasje av artikkelen om Republikken Gulating. Eg har no sletta artikkelen etter Jhs sin sabotasje.

Eg vil gjere framlegg om at "Jhs" sin aktivitet på Wikipedia blir stogga. Ei utestenging kan hjelpa. Wikarth

Du har kverulert her særs lenge og er stengt ute for at me skal få arbeidsro. Dei som les diskusjonssida til artikkelen vil sjå at me er mange som lenge freista å læra deg folkeskikk, argumentasjonslære og korleis ein gjer ting på wikipedia. No er det rett og slett slutt her for din del. --Ekko 18:07, 30 januar 2008 (CET)

Utestengd av "Ekko"[endre wikiteksten]

Eg har no blitt stengd ute av "Ekko", avdi eg protesterar mot sabotasje i artiklar.

Er dette demokratisk?? Eller misbrukar "Ekko" rettane sine for å få meg, som ikkje er administrator, til å teie?? Wikarth

Den einaste som saboterer her er du. Du eig ikkje artiklar på Wikipedia, ingen gjer det. Altså ikkje Jhs, Ekko eller meg heller - og ikkje Wikarth. Her kjem vi fram til løysingar i fellesskap, noko du har nekta å godta. Det er ein morosam definisjon av demokrati du har. Anders 19:31, 30 januar 2008 (CET)

Eg er no utestengd for 1 år(!) med påstand om at eg "Legg inn usann tekst/tull i artiklar". Dette er ei svært alvorleg skulding som de får føre prov for! Elles får eg ta opp problema med leiinga i Wikipedia. Slik kan de ikkje halde på her. Det passer betre i barnehagen. Eg synest nynorsk Wikipedia bør få nokre vaksne administratorar. Wikarth

Debatten om Republikken Gulating fann stad i 2006. Du hadde rikeleg høve til å føre prov for meiningane dine då. Det er dei som skriv som skal føre prov for at det dei skriv er rett. --Ekko 22:05, 30 januar 2008 (CET)

Marta vassaus og Jakop våthatt[endre wikiteksten]

Vi burde ha artikklar om «Marta vassaus» og «Jakop våthatt». Er det nokon som har informasjon om desse dagane. --Sigmundg 23:11, 30 januar 2008 (CET)

Du finn info på nynorsk Wikipedia - Marit vassause og Jakob våthatt.  : ) - - Knut 23:15, 30 januar 2008 (CET)
He, he. Eg leita før eg skreiv, men nytta ein annan stavemåte. --Sigmundg 23:44, 30 januar 2008 (CET)

Fokusering tå iw-lekker[endre wikiteksten]

Eg har laga ein løysing for å dynamisk seta opp iw-lekker mellom dei ulike prosjekta. Standardsorteringar bør inkje vara noko hinder for å bruke dette, og det vil vara ei løysing for dei som har andre behov enn de heilt enkle og opplagte. Om det er interesse for det så kan eg hjelpa ein tå administratorane å seta det opp, men det bør vel vente nokon dagar. Det er framleis enkelte endringar som bør gjerast. Jeblad 23:22, 30 januar 2008 (CET)

Kva vil dette i praksis seie? --EIRIK\diskusjon 23:30, 30 januar 2008 (CET)
Det beste er vel å lese [http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Wikipedia:Samfunnshuset&diff=prev&oldid=510539 og vidare innlegg under skanwiki tråden. Samfunnshuset er uoversikleg til tider, men vi treng ikkje ha same diskusjonen fleire stader enn der det alt føregår. Anders 23:34, 30 januar 2008 (CET)
Ja, eg har forstått kva det dreiar seg om, men er «å dynamisk seta opp iw-lekker mellom dei ulike prosjekta» det same? --EIRIK\diskusjon 15:44, 31 januar 2008 (CET)
Ja, jeg var ikke klar over at dere allerede diskuterte metoden i tråden lengre oppe. Jeblad 22:04, 31 januar 2008 (CET)
Eg flytta over innhaldet frå no så i brukarinstillingane til kvar einskild dukkar det no opp ei ny arkfane kalla Gadgets. Språket må reinskast opp i og omsetjast, men det er det minste problemet, eg har testa på 3 ulike pc-ar med ulike nettlesarar no men eg får det ikkje til å verke hjå meg. Nokon som får? Anders 23:57, 31 januar 2008 (CET)
Ja, fungerte hos meg med Firefox. --Frokor 23:58, 31 januar 2008 (CET)
Men du har instillingar i din eigen monobook, det overskriv vel brukarinstillingane? For å teste det ut har eg veld English, Simple English og Englisc øverst, men her kjem det fortsatt no/sv/da istaden. .. Anders 00:08, 1 februar 2008 (CET)
Nei, det gjorde eg etterpå. Eg testa med same som du og fekk engelsk og simple engelsk øvst, men eg testa med andre innstillingar i eigen monobook fordi eg vil gjerne framleis ha skanwikiane øvst. Men det ser ikkje ut til at mine eigne innstillingar fungerer då... --Frokor 00:14, 1 februar 2008 (CET)
Husk å tøm nettleserens mellomlager! 87.248.4.221 03:08, 1 februar 2008 (CET)

Det er litt smårusk som en administrator må fikse (egentlig forferdelig mange sider som må lages for å få dette til å fungere)

Jeg fyller på med mere etter hvert som jeg finner det. Jeblad 03:12, 1 februar 2008 (CET)

Jeg kan ikke helt se hvorfor stylingen ikke får gjennomslag. I Mediawiki:Monobook.css kan eventuelt li.iw-focus { font-weight: bold; } erstattes med li.iw-focus { font-weight: bold !important; }. Jeblad 13:13, 1 februar 2008 (CET)
Fjern == Utheving av einskildee IW-lenkjer == fra css-fila, dette får den til å feile under lasting og deretter stoppes alle senere stylinger. Jeblad 13:18, 1 februar 2008 (CET)
En takk til Brukar:Anders som har fikset! Jeblad 15:56, 1 februar 2008 (CET)
Den som skal ha takken må vere Jeblad som på eige hand skaffa ei løysing til Bugzilla 2867 Anders 16:23, 1 februar 2008 (CET)
Er det mogeleg å legge til ei eiga sortering på si eiga monobook-side? Eg kunne t.d. tenke meg å sortere engelsk og tysk ved sidan av kvarandre utan å måtte ha t.d. alle tyske språk (som alemannisch og platdüütsch) --Frokor 17:49, 1 februar 2008 (CET)
Det bør vere mogeleg, men eg satt å tenkte på om å gjere det i tillegsfunksjonane. Det kan vere fleire som er interesert i berre tysk. Og sidan eg alt har fjerna eit valg har me no litt plass... Anders 17:57, 1 februar 2008 (CET)
Prøv no! Anders 18:08, 1 februar 2008 (CET)

No har eg fått til å legge inn mi eiga rekkjefølgje, og det har nok Frokor også, dersom han slettar mellomlageret sitt. Ein må legge til noko i både monobook.css og -.js for å få det til. --EIRIK\diskusjon 19:00, 1 februar 2008 (CET)

Det du har lagt inn i din monobook.css angir kun at interwikilenkene skal være i fet tekst. Men siden font-weight: bold; ligger inennfor /* xyz */ er det kommentert ut. I praksis har din monobook.css ingen funksjon. — H92 (d · b · no) 20:14, 1 februar 2008 (CET)

Dei språka som er tilgjengelege no er norsk/svensk/dansk, islandsk, færoyskt, finsk, samisk, engelsk, fransk, tysk, nederlandsk, spansk og italienskt? Er det andre språk folk vil ha med å velje mellom? Russisk? Lombardiskt, Olve? ;) Anders 20:19, 1 februar 2008 (CET)

H92: Det du skriv stemmer ikkje. Dessutan har eg òg lagt inn noko på JavaScript-sida mi, og det verkar for både meg og Frokor. --EIRIK\diskusjon 20:21, 1 februar 2008 (CET)
Det ligger et script i MediaWiki:Monobook.css som angir at li.iw-focus blir bold. Har jeg lest js-scriptet i MediaWiki:Monobook.js riktig, legges språkene som er "nevnt" i din monobook.js automatisk i li.iw-focus. Dermed er det MediaWiki:Monobook.css som gjør jobben. — H92 (d · b · no) 20:45, 1 februar 2008 (CET)

Eit lite insekt i skriptet: Når eg ikkje er logga inn, kjem bokmål nedanfor den utheva lista - og er ikkje utheva. Ein annan ting er at spansk vel bør få sames statusen som tysk og fransk. Alle tre er språk ein kan velje som andre framandspråk i norsk skole. Fint tiltak dette! --Erlend 20:25, 1 februar 2008 (CET)

Bah, eg som trudde eg hadde tatt knekken på den lusa no... Har du fjerna mellomlageret på lesaren din? vanlegvis F5 - ctrl + F5 ctrl+R eller noko slikt. Ein kan velje spansk i brukarinstillingane, men eg har ikkje gjort så mykje med dei språka son tilbys uregistrerte enno, det børeinast om i felleskap. Når eg gjekk ut av vgs for knapt eit tiår sidan var fransk einaste tilbodet til dei som alt hadde fullførd tysk, men det har vel betrast noAnders 20:45, 1 februar 2008 (CET)
Dette var eit gagnleg tiltak. Eg lurar likevel på eit par ting:
Som ein test tok eg vekk haken på linja
  • Sorter interwiki-lista etter ‪norsk (bokmål), svensk, og dansk øverst (som før)
og huka av fransk: Eg ender da opp med lista:
  • Français
  • Norsk (bokmål)
  • Svenska
  • Dansk
Eg hadde venta å ha berre Français på toppen. Har eg missforstått? --Sigmundg 21:42, 1 februar 2008 (CET)
Nei du har ikkje misforstått. Grunna til at Norsk bokmål, svenska og dansk kjem etterpå er at det er slik interwikilenkjene er sortert i artikklane etter "gamalt". Det bør ikkje vere så påtvungen no lenger. Difor meiner eg nedanfor at vi no kan/burde gå over til alfabetisk sortering av iw-lenkjene så dei som ikkje vil ha no/sv/da sortert slepp ei slik sortering. Dei flste av oss vil nok fortsette med no/sv/da+samt sine eigne avkryssa valg, anten ved eiga monobook eller via brukarinstillingane, men mange frå bm (og andre wikiar?) vil nok helst ha det slik dei er vane med.Anders 22:35, 1 februar 2008 (CET)
Endrer dere praksis må dere si i fra til folka som jobber med pywikipedia-rammeverket, ellers vil neste bot sortere etter gammel praksis. ZorroIII 22:46, 1 februar 2008 (CET)
Burde me kanskje få lagd ein bot til å sortera interwikilekkjer alfabetisk?--Gunnar Mikalsen Kvifte 21:16, 2 februar 2008 (CET)
Det samme oppnår vi ved å si ifra til de som jobber med pywikipedia. Da vil kodene oppdateres neste gang botkjøreren kjører svn update, og botene vil da ordne sorteringen neste gang de er innom en artikkel. — H92 (d · b · no) 21:40, 2 februar 2008 (CET)

Om vi går over til rein alfabetisk sortering i staden for skanwiki, vil vi etter det eg kan sjå få rekkjefølgja da-nb-sv i staden for nb-sv-da . Vil vi verkeleg det? Eg trur ikkje vi skal «reparere» eit pywikiskript som verkar før vi er sikre på at det lokale skriptet gjev akkurat like godt resultat... :-) Olve 23:06, 2 februar 2008 (CET)

Vent med å endre sorteringsfølgen til scriptet er stabilt. Foreløpig er det nok litt beta… Jeblad 01:55, 3 februar 2008 (CET)
Er det mulig å få engelsk øvst, utan at "Simple Eglish" er med? --Sigmundg 11:43, 3 februar 2008 (CET)
Du kan lage di personlege sortering om du vil. Då må du opprette Brukar:Sigmundg/monobook.js og kopiere det som står under «Personlg sortert interwiki» på mi Brukar:Frokor/monobook.js. Rekkefølga eg har valgt der er slik eg får opp interwikilenkjene. Du kan sjølvsagt velje andre språk og anna rekkefølge. Du må då hukke av dei vala du har gjort under tilleggsfunksjonar på innstillingane dine. Eg trur dei overstyrer det som står på monobook.js, uansett så treng du då ikkje tilleggsfunksjonane. Husk at du som regel må tøme mellomlageret til nettlesaren før du kan sjå endringane.--Frokor 11:57, 3 februar 2008 (CET)
Оно работает. Спасибо. --Sigmundg 15:02, 3 februar 2008 (CET)
På bokmål ble det lagd grupper basert på land og språk, og så en del enkeltspråk etter at diskusjonen ble vel livlig. ;) Jeblad 17:51, 4 februar 2008 (CET)

Ein annan ting[endre wikiteksten]

No som vi har fått brukardefinerte innstillngar for iw-lenkjer, bør me gå i frå skanwiki sorteringa og heller sortere alfabetisk. Det ser litt dumt ut når no,sv og da er sortert øverst etter resten av iw-lenkjene, sjølv om ein ikkje har vald å ha dei sortert slik. Anders 18:14, 1 februar 2008 (CET)

Etter mi meining burde no:, sv: og da: kome fyrst uansett (så lenge ein ikkje har valt alfabetisk), og deretter dei andre språka ein har valt. --EIRIK\diskusjon 19:04, 1 februar 2008 (CET)
Tja, om har til dømes har kryssa av for Tysk, spansk og engelsk, men ikkje no/sv og da, kjem dei ikkje først, men i midten. Noko alfabetisk val finnest ikkje enno. Anders 19:09, 1 februar 2008 (CET)
Ett av alternativene bør i hvertfall gjøres. For å lage et alfabetisk alternativ, kan man benytte rekkefølgen i boksen her. — H92 (d · b · no) 20:19, 1 februar 2008 (CET)
Det er omfattande, men mogleg. Likevell vil det vere tidkrevjande med å oppdatere nye språk som kjem til og språk som vert fjerna. Anders 20:23, 1 februar 2008 (CET)

Eg synest me skal ha skanwiki likevel. Det er jo ikkje slik at dei fleste som brukar Wikipedia som oppslagsverk gidd å gå inn og endra innstillingane sine. Eg kjem sikkert ikkje til å gjera det sjølv heller, så lenge interwikilista mi fungerer som før. Det er vel ikkje berre for registerte brukarar at skanwiki er ein fordel? --Tannkrem 12:38, 3 februar 2008 (CET)

Framlegget mitt er at vi fjernar menyvalet «no, sv, da fyrst» og gjer dette til standard. Så, med andre ord, no, sv, da er dei tre fyrste på lista uansett kva ein vel på menyen. På den måten held det fram som før for både dei brukarane som ikkje gjer endringar i innstillingane og anonyme brukarar. Kva trur de om dette? --EIRIK\diskusjon 12:42, 3 februar 2008 (CET)
Hva med de som vil ha det alfabetisk da? Det bør opprettes et alfabetisk alternativ. Er det ikke mulig å ha selve kodene alfabetisk, men en innstilling som viser no, sv og da øverst, allerede aktivert for alle brukere, og som de kan deaktivere i sin innstillinger igjen? — H92 (d · b · no) 12:55, 3 februar 2008 (CET)
Eg meiner vi bør forsøke å koordinere politikken med bokmålswikipediaen. Det viktigaste er at uinnlogga, norsklesande brukarar - som eg vil tru er i fleirtal både på nn: og no: - har interwikilenkjene i ei tenleg rekkjefølgje, med det andre norske språket øvst (eller høgt) på lista. Dei fleste nettmedia som lenkjer til wikipedia, lenkjer til bokmål. Då bør det vere lett for brukarane å få auga på lenkja som hentar nynorskartikkelen. Så får dei meir (og nokre gonger betre) informasjon om emnet. No som bm-wiki har nådd 150 000 artiklar, er dei så store at dei ikkje har nokon grunn til å vere redd nynorskwikien, og vi får tru at dei som helst vil gøyme oss bort, er i mindretal. Men skal vi greie å få bokmålswikien med oss, må vi vere innstilte på kompromiss. - Knut 13:29, 3 februar 2008 (CET)
Det er mulig å legge inn bestemte språk i MediaWiki:Monobook.js (se [8] der dette ble gjort før endringen 3. februar), slik at de automatisk blir lagt øverst og i halvfet for uregistrerte brukere (man slipper altså å sortere interwikilistene i hver artikkel).
Jeg synes også at uregistrerte brukere fortjener å få sentrale språk lagt øverst (enten bare de skandinaviske, eller de skandinaviske + de store fremmedspråkene, som er sammenfallende med de tre største WP-utgavene).
Se no:Wikipedia:Tinget#Avstemning:_Interwiki-sortering_for_uregistrerte_brukere Kph 03:33, 4 februar 2008 (CET)
Einig med H92. Me kan ha standardinnstillinga som skanwiki, slik som i dag, så kan dei som vil noko anna velja noko anna. --Tannkrem 14:00, 3 februar 2008 (CET)
Samd i at vi bør ha Skanwiki som før for dei uinnlogga. stykkjet 19:19, 3 februar 2008 (CET)
Eg har drodla på alternative måtar å få til ein brukarstyrd sortering, men mest for å rydde i den eksisterande sorteringa til det enkelte prosjektet. Brukarstyrd sortering krev at brukaren vel to forskjellege sorteringsordnar, og eg trur dette kan bli veldig mange val å forhalde seg til. Både skal brukaren velge kva han skal ha på toppen, korleis desse lekkjene skal sorterast og korleis dei andre lekkjene skal sorterast. Tilsaman blir dette nokså komplisert for ein som inkje kjenner bakgrunnen for korleis det her fungerer. Jeblad 17:40, 4 februar 2008 (CET)