Francoregimet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Francoregimet var regimet til Francisco Franco i Spania frå den spanske borgarkrigen slutta i 1939 til etter Franco døydde i 1975.

Opphavet[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1931 vart Juntas de Ofensiva Nacional Sindicalista (JONS) danna. Dei gjekk inn for respekt for katolsk tradisjon, imperialistisk ekspansjon, kamp mot separatisme, avskaffing av parlamentarisme, oppløysing av alle marxistiske og andre «antinasjonale» parti, statskontroll over økonomien, oppdeling av dei store jordegodsa, forbod mot klassekamp og obligatorisk medlemskap for både arbeidarar og arbeidskjøparar i «nasjonale syndikat». Partiflagget bestod av dei syndikalistiske fargane raudt og svart, med dei katolske kongane sitt emblem i midten, og skulle symbolisere både den ærerike fortida og den revolusjonære notida.[1]

I 1933 vart så Falange Española danna av Primo de Rivera, som ved dette høvet blant anna sa: «Vi kjempar for ein totalitær stat som vil fordele goda mellom små og store menneske.» (Carsten, side 198). I 1934 gjekk JONS saman med Falange i Falange Española de las Juntas de Ofensiva Nacional Sindicalista, med JONS sitt flagg, emblem og slagord.[2]. I løpet av 1934-1935 utvikla dette partiet seg til det Carsten kallar eit «proper Fascist party, with the Fascist salute and blue shirts as uniform». [3]

Etter at det militære opprøret mot den lovleg valde republikanske folkefront-regjeringa hadde byrja i 1936, voks medlemstalet i Falange raskt i dei områda general Franco kontrollerte. [4]

I april 1937 bestemte Franco at Falange og monarkist-militsen Requetés skulle sameinast i éin politisk formasjon under leiing av han sjølv, Falange Española Tradicionalista y de las Juntas de Ofensiva Nacional Sindicalista. Det nye offisielle partiet var eit konglomerat av høgreorienterte tendensar, og var i realiteten den politiske armen til militæret. (Carsten, side 203). Dette partiet vart det einaste lovlege i 1939, og Falange sin hymne Cara al Sol vart den halv-offisielle songen til Francoregimet.

Etter maktovertakinga[endre | endre wikiteksten]

Då borgarkrigen var slutt i 1939, vart rolla til partiet endå meir beskjeden, men det same gjaldt òg rolla til fascistpartiet i Italia og nazistpartiet i Tyskland etter at eittpartistaten var etablert der. Partia hadde i røynda berre spela ei viktig rolle før maktovertakinga. Berre det at den opphavlege Falange hadde vore for veik til å prøve seg på noka maktovertaking sjølv, og regimet såleis måtte etablerast ved militærkupp. Men om den opphavleg høgreradikale Falange skulle ha vunne makt anna enn gjennom militæret, måtte det òg ha skjedd i ein allianse med meir tradisjonalistiske høgrekrefter, og det ville uansett ha resultert i eit kompromiss mellom tradisjonalistisk og meir radikal høgretenking. [5]

Terroren[endre | endre wikiteksten]

Frå byrjinga av opprøret hadde generalane gjeve ordre til massive offentlege og summariske avrettingar for å spreie frykt og redusere motstandsviljen i sivilfolket. Minst 50 000 menneske vart avretta under borgarkrigen. [6][7][8] Franco sin siger vart følgd av tusenvis av nye summariske avrettingar, kan hende så mange som 35 000 [9]), og endå fleire vart innesperra og bruka til slavearbeid. Dei fleste offera var politisk venstreorienterte, men også det å vere ateist eller å ha vore lojal til den lovlege regjeringa kunne vere nok til å bli forfølgd. I Antony Beevor si bok om den spanske borgarkrigen reknar han med at i alt ca 200 000 menneske døydde i Franco sin «kvite terror».

Franco sin siger førte òg til at hundretusenvis av menneske måtte rømme frå landet. Dei fleste fór til Frankrike, men mange òg til Mexico eller Chile. Mange som hadde rømt til Frankrike, vart sende tilbake til Spania att, der dei hamna i «reinsingsleir». (Art. i eng wikipedia). Dei som var att då Vichy-regimet vart oppretta, vart politiske fangar. Mange av dei vart sende til tyske konsentrasjonsleirar. 5 000 spanjolar døydde til dømes i Mauthausen. [10] 2 000 spanske flyktningar vart redda av Pablo Neruda og kom seg til Chile.

Under og etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Franco fekk mykje støtte frå Hitler og Mussolini under borgarkrigen. Spania var offisielt nøytralt under andre verdskrigen, men gav likevel ymse støtte til Italia og Tyskland. Såleis vart ein «Blå Divisjon» send til Austfronten for å kjempe mot Sovjetunionen.

Francisco Franco og USAs president Dwight D. Eisenhower i Madrid i 1959

I 1947 erklærte Franco Spania som monarki, men utnemnde ingen monark. I staden heldt han fram som diktator og de facto regent sjølv.

Under den kalde krigen gjekk USA inn i allianse med Francoregimet, frå Eisenhower sitt besøk i 1953 og frametter.

Fengsling og mishandling av politiske motstandarar heldt fram under heile Francoregimet si levetid. Frie fagforeiningar og andre parti enn det statsberande var forbodne. Det kulturelle mangfaldet i landet vart undertrykt. Alle kulturaktivitetar var underlagde sensur og mange var rett og slett forbodne. Dei katalanske, galisiske og baskiske språka vart undertrykte. Ekteskap inngådde under republikken vart kjende ugyldige, og alle ekteskap måtte godkjennast av den katolske kyrkja. Kyrkja sine moralreglar vart lovfesta og påtvinga befolkninga. Byane vart kontrollerte og patruljerte av Guardia Civil, eit slags militærpoliti for sivile, og dette var hovudmiddelet for sosial kontroll. Spania var altså langt på veg ein politistat. Regimet var òg ekstremt oppteke av det dei meinte var ei frimurar-samansverjing mot dei. Studentopprør i slutten av 1960-åra og framover vart slegne ned med vald av tungt væpna politi.

Franco heldt fram med å underskrive alle dødsdommar personleg til berre nokre få månader før han sjølv døydde i 1975.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carsten s. 197
  2. Carsten s. 199
  3. Carsten s. 200
  4. Carsten s. 201-202
  5. Carsten s. 204
  6. Spain torn on tribute to victims of Franco
  7. Spanish Civil War
  8. Spanish Civil War: Casualties
  9. Nylege undersøkingar med parallelle utgravingar av massegraver i Spania (særleg av det som på engelsk heiter Association for the Recovery of Historical Memory, ARMH) bereknar at talet på menneske som vart avretta etter krigen kan liggje på mellom 15 000 og 35 000. Sjå for eksempel Fosas Comunes - Los desaparecidos de Franco. La Guerra Civil no ha terminado, El Mundo, 7 July 2002
  10. Film documentary on the website of the Cité nationale de l'histoire de l'immigration

Kjelder[endre | endre wikiteksten]