Wilfred Owen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilfred Owen. Portrett frå ei diktsamling frå 1920.
Diktet «Anthem for Doomed Youth» slik Owen skreiv det.

Wilfred Edward Salter Owen (18. mars 18934. november 1918) var ein engelsk diktar og soldat under den fyrste verdskrigen.

Dei sjokkerande og realistiske krigsdikta hans om grua frå skyttargravene og gassåtaka under den fyrste verdskrigen var sterkt påverka av venen Siegfried Sassoon, og stod i grell kontrast til både det ålmenne inntrykket av krig i samtida, og til dei patriotiske dikta til tidlegare krigspoetar som Rupert Brooke. Mesteparten av det han skreiv vart ikkje utgjeve før etter han døydde. Somme av dei mest kjende arbeida hans er «Dulce Et Decorum Est», «Anthem for Doomed Youth», «Futility» og «Strange Meeting». Owen er kanskje like kjend for å ha vorte drepen i kamp ved Sambre-Oise-kanalen berre ei veke før krigen enda, noko som førde til at dødsbodskapen hans og meldinga om freden nådde heimbyen hans samstundes.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Barndom og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Owen var fødd nær Oswestry i Shropshire 18. mars 1893. Han var den fyrstfødde av dei fire borna til Tom og Susan Owen. Skulegongen sin fekk han på Birkenhead Institute og Shrewsbury Technical School, og han oppdaga diktarevnene sine i 1903 eller 1904 under ei ferievitjing i Cheshire. Den tidlegaste littærere påverknaden hans fekk han frå John Keats og Bibelen.

Etter at skulegongen var avslutta i 1911 las han for å kome seg inn ved universitet og arbeidde ved sida. Før krigen braut ut arbeidde han som privatlærar i engelsk på ein språkskule i Bordeaux i Frankrike.

Krigsteneste[endre | endre wikiteksten]

Grava til Wilfred Owen og andre soldatar falne under fyrste verdskrigen.

21. oktober 1915 vart Wilfred Owen innskriven i Artists' Rifles, eit kompani av folk frå kunstnaryrke som verva seg frivillig. Dei neste sju månadane var han i trening på Hare Hall Camp i Essex. I januar 1917 vart han utnemnd til second lieutenant i The Manchester Regiment. Etter nokre traumatiske opplevingar som inkluderte det å leie troppen sin inn i kamp og verte fanga i tre dagar i eit granathol, fekk Owen diagnosen granatsjokk, og vart send til Craiglockhart War Hospital i Edinburgh. Det var medan han var der han møtte Siegfried Sassoon.

Etter å ha vend attende til fronten var Owen døydde han i kamp 4. november 1918. Han vart posthumt tildelt krigsutmerkinga Military Cross for leiarskap og mot i kampane ved Joncourt.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Owen vert av somme sett som den viktigaste poeten frå fyrste verdskrigen og han er kjend for dikta sine om den grufulle skyttargravs- og gasskriginga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Wilfred Owen ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Wilfred Owen
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilfred Owen