Oswestry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oswestry

Marknadsplassen
Marknadsplassen
Plassering
Oswestry is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Shropshire
Distrikt Shropshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

15 613
Koordinatar 52°52′″N 3°3′″WKoordinatar: 52°52′″N 3°3′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SY10, SY11
Telefon-retningsnummer 0 1691
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oswestry

Oswestry er ein by i grevskapet Shropshire i England, nær grensa til Wales. Byen er administrasjonssenter for distriktet Oswestry. Folketalet var i 2002 38 029 i distriktet, der dei fleste bur i byen.

Den eldste busetnaden er ved Gamle Oswestry, der det finst restar av eit stort fort frå jernalderen. Arkeologiske undersøkingar har vist at det var busett frå omkring 550 f.Kr. I 642 stod slaget ved Maserfield rett ved staden der byen ligg. I slaget sigra Penda av Mercia over Oswald av Northumbria. Sistnemnde vart drepen og liket vart hengt frå eit tre, «Oswald's Tree», som vart forvanska til Oswestry. Kjelda til Oswald skal ha springe fram der ein av armane til kongen vart sleppt av ein ramn. Offas dike går rett vest for byen.

I Domesday Book er det notert eit slott som høyrte til Rainald, sheriffen av Shropshire. Normannarane bygde eit nytt slott på 1100-talet; dette vart fullstendig rasert etter den engelske borgarkrigen. I mellomalderen skifta engelskmennene og walisarane stadig på å ha kontroll over Oswestry.

Etter borgarkrigen føregjekk det framleis kamper om grensa ved byen, og det vart derfor bygd ein bymur for å verne borgarane. Denne vart riven på 1700-talet, slik at berre ei søyle frå ein av byportane er tilbake.

Den lokale fotballklubben, The New Saints FC, er ein av dei få engelske laga som spelar i den walisiske ligaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]