William Boyce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Boyce
Boyce2.gif
Fødd 11. september 1711, London
Død 7. februar 1779 (67 år), Kensington i London
Instrument orgel
Periode Barokken og klassisismen
Sjanger Kormusikk, symfoniar og kammermusikk
Aktive år 1734 - 1779
Yrke Komponist

Willam Boyce (døypt 11. september 1711 i London, død 7. februar 1779 i Kensington i London) var ein av få viktige engelskfødde komponistar på 1700-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Boyce song i koret ved St. Pauls katedral. Etter stemmeskiftet studerte han musikk med Maurice Greene. I 1734 fekk han den første profesjonelle posten sin som organist ved Oxford Chapel, og han fortsette med ei rekkje liknande postar før han vart utnemnt Master of the King's Musick i 1755 og organist ved Chapel Royal i 1758.

Boyce vart gradvis døv, og etter at han ikkje lengre klarte å fortsetje som organist trekte han seg tilbake og arbeidde på Cathedral Music, eit verk over engelsk kyrkjemusikk frå 1500- til 1700-talet som Maurice Greene hadde starta. Trebindsverket med oversyn over komponistar som William Byrd, Henry Purcell og Thomas Tallis var i over hundre år standardverket om engelsk kyrkjemusikk.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Boyce skreiv mange kyrkjelege og verdslege vokalverk, odar, songar, kantatar, sceneverk og instrumentalmusikk (8 symfoniar, 15 triosonatar, 12 overturar 3 concerti grossi og klaververk).

Boyce var ved sida av Thomas Arne ein av dei svært få av dei engelske komponistane i tida som tolde samanlikning med dei kontinentale kollegaene sine. Til skilnad frå dei fleste andre klarte Boyce stort sett å unngå den forføriske innverknaden Georg Friedrich Händel.

Etter Willian Boyce døydde vart musikken hans gløymd. Først på 1900-talet opplevde instrumentalmusikken hans, særleg symfoniane og kammermusikken, fornya interesse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]