William Hogarth
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Hogarth (10. november 1697–26. oktober 1764) var ein engelsk biletkunstnar, kjend for satiriske verk som kritiserte skikkar og moral i det engelske samfunnet.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
William Hogarth var fødd i Bartholomew Close i London som son av ein fattig lærar og lærebokforfattar. I ungdommen blei han sett i lære hjå gravøren Ellis Gamble i Leicester Fields, der han lærte å gravera visittkort og liknande. Unge William hadde også sterk interesse for gatelivet og marknada i storbyen London, og laga skisser av folk han såg der. Faren, som hadde åpna ei kaffistove i St John's Gate, kom i gjeldsfengsel i Fleet Prison i fem år, noko William Hogarth aldri snakka om. Han blei utlærd gravør, men utdanna seg også som målar ved St. Martin's Lane-akademiet, som han sjølv dreiv i perioden 1735–55.
Den 23. mars 1729 gifta Hogarth seg med Jane Thornhill, dotter av kunstnaren James Thornhill.
Hogarth døyde i London i 1764, og blei gravlagd i St. Nicholas-kyrkjegarden ved Chiswick Mall i Chiswick. Vennen hans, skodespelaren David Garrick, stod for innskrifta på gravsteinen hans.
[endre] Virke
I 1731 begynte han med satiriske framstillingar han kalte «moderne moralske emne», som parodierte samtida. Den første av desse, Ei hore sitt liv (1731–32), var ein umiddelbar suksess, og framstillingane, som først blei målte, blei seinare utgjevne som trykk.
I traktaten Analyse av venleiken (Analysis of Beauty), 1753 gjorde han rede for sine kunstteoretiske idear. Etter Hogarths syn var venleiken til eit bilete gjeve ut frå evna det hadde til å gjengje mangfaldet i naturern.
[endre] Verk
- Ei hore sitt liv (A Harlot's Progress), 1731–32
- Ein libertinar sitt liv (A Rake's Progress), 1735, Soane Museum, London
- Ekteskap på moten (Marriage à la Mode), 1743–45, National Gallery, London
- Sjølvportrett med hund, 1745, Tate Gallery, London
- Hogarths tjenarskap, 1757, Tate Gallery, London
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «William Hogarth» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: Dreyers kunstleksikon, Dreyers forlag, 1990, 5. bind, p. 144f.