Windermere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om innsjøen. For byen, sjå byen Windermere.
Windermere
Windermere - Frå nord
Frå nord
Stad Lake District
Koordinatar 54°21′30″N 2°56′10″WKoordinatar: 54°21′30″N 2°56′10″W
Tilsig Brathay, Rothay, Trout Beck, Cunsey Beck
Utsig Leven
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 18,08 km
Største breidde 1,49 km
Overflateareal 14,73km²
Største djupne 67 m
Høgd over havet 39 m
Øyar 18 (Belle Isle)

Windermere er den største naturlege innsjøen i England. Han er ein av dei mest populære feriestadane i landet sidan 1847, då Kendal and Windermere Railway la ei linje til innsjøen. Han ligg i Cumbria i Lake District nasjonalpark.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ein trur namnet kjem frå «Vinandr sjøen», frå det norrøne namnet Vinandr og det gammalengelske «mere», som tyder innsjø.[1] Det vart kalla «Winander Mere» eller «Winandermere» fram til minst 1800-talet.[2][3]

I tillegg er Winder er eit vanleg etternamn i England.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over innsjøen frå 1925

Windermere er ein lang, og smal sjø. Han vart forma for 13 000 år sidan under den siste istida.

Utsiget frå innsjøen er heilt sør via Leven[4]. Han har fleire tilsig som Brathay, Rothay, Trout Beck, Cunsey Beck og fleire mindre elvar. Innsjøen er omringa av åsar med høgare fjell i nord og nordaust.[4]

Det er omdiskutert om innsjøen endar ved Newby Bridge eller Lakeside i sørenden av innsjøen, eller om stykket mellom desse stadane høyrer til elva Leven. Ned til brua ved Newby Bridge er det 18 km[4], og til Lakeside er det 16,9 km. Innsjøen er opp mot 1,5 km på det breiaste og har eit areal på 14,73km²[4]. Den største djupna er 67 m og han ligg 39 meter over havet.

Det ligg to byar ved innsjøen, Ambleside og Bowness-on-Windermere, medan byen Windermere ikkje ligg like ved innsjøen.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen har 18 øyar.[5] Den største av desse er den privateigde Belle Isle (16 hektar) utanfor Bowness. Ho er rundt 1 km lang.

Dei andre øyane er langt mindre. Lady Holme er kalla opp etter ei kyrkje som ein gong stod der. Dei andre øyane er Bee Holme, Blake Holme, Crow Holme, Fir Holme, Grass Holme, Lilies of the Valley (East og West), Ling Holme, Hawes Holme, Hen Holme, Maiden Holme (den minste av dei), Ramp Holme, Rough Holme, Snake Holme, Thompson Holme (nest størst) og Silver Holme.[5]

Båtar[endre | endre wikiteksten]

MV «Swan» på Windermere

Det går fleire passasjerbåtar på innsjøen frå jernbanestasjonen og mellom dei forskjellige byane. I tillegg går det ei kabelferje som tar bilar.

13. juni 1930 sette Sir Henry Segrave ny fartsrekord på vatn på Windermere då han kom opp i 158,94 km/h. På tredjeforsøkt kantra båten hans og mekanikaren Victor Helliwell drukna. Segrave klarte å redde seg ut, men døydde kort tid etter av skadane han fekk. Segrave var ein av få som hadde fartsrekorden i verda på både land og vatn samstundes.

Norman Buckley sette òg fleire verdsrekordar i fart på Windermere i 1950-åra.

Sjømonster[endre | endre wikiteksten]

Det vert sagt at ein uvanleg stor fisk eller dyr held til i Windermere. Centre for Fortean Zoology hevdar at det vart sett ein enorm ål-liknande skapning i innsjøen i 1950-åra. «Monsteret» vendte attende i nyhendene i 2006 då det igjen skal ha vorte observert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://web.ukonline.co.uk/sw.rae/tarns.htm Derivation of the Names of Lake District Lakes and Tarns
  2. «Gray's Book of Roads». George Carrington Gray. 1824. http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/12/Gray1824.westmoreland.jpg. 
  3. Daniel Defoe (1726). A Tour through the Whole Island of Great Britain. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Parker, 2004, s. 22-33
  5. 5,0 5,1 «Windermere øyar». Lake District National Park. http://www.lake-district.gov.uk/index/enjoying/windermere/windermere_outonthelake/windermere-øyar.htm. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Windermere