Winslow i Buckinghamshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Winslow

Hovudgata
Hovudgata
Plassering
Winslow i Buckinghamshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Aylesbury Vale
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

4 519
Koordinatar 51°56′″N 0°53′″WKoordinatar: 51°56′″N 0°53′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK18
Telefon-retningsnummer 01296
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Winslow i Buckinghamshire

Winslow er ein marknadsby i Buckinghamshire i England. Han har vakse i nyare tid, men har halde mykje av det landlege preget sitt.

Byen blir først nemnt i Den angelsaksiske krønika i år 795. Han blir kalla der Wineshlauu, som tyder «Wines haug». I Domesday Book (1086) kallast han Weneslai.

Winslow Hall ligg i byen, og blir rekna av mange som ein av dei finaste bygningane i grevskapet. Ein meiner han vart teikna av sir Christopher Wren omkring 1700, mot slutten av livet hans. Han er mindre enn fleire andre herregardar i området, men har ei utforming som skil han frå mengda.

Soknekyrkja er vigd til St. Laurentius.

Byen hadde tidlegare ein jernbanestasjon, Winslow stasjon, på den såkalla «Varsity Line» mellom Oxford og Cambridge. Sporet ligg der enno, og det er eit lokalt ynskje om å få opna ei linje som gjer det lettare å pendle til andre byar som Milton Keynes, Aylesbury og Oxford.

Revehundane som deltek i Whaddon Chase har tradisjonelt vorte samla på torget i Winslow kvar andre juledag. Dette er ein stor fest i byen, som vanlegvis trekkjer meir enn tusen deltakarar. I 2003 vart det så mange at ein måtte halde arrangementet føre Winslow Hall i staden; den store folkemengda skuldast truleg tildels at det gjekk mot eit forbod mot revejakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]