Wisłaneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landsatbilete av Wisłaneset

Wisłaneset (polsk Mierzeja Wiślana; russisk Балтийская коса, Baltijskaja kosa; tysk Frische Nehrung) er ei landtunge eller ei halvøya som strekkjer seg ut mellom Wisłalagunen og Gdańskbukta i Austersjøen. Grensa mellom Polen og Kaliningrad oblast, ein eksklave i Russland kryssar halvøya og deler ho politisk i to. Det vestlegaste punktet i Russland ligg på denne halvøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1200-talet hadde halvøya sund som båtar kunne passere gjennom på midten. Dette gjorde at byen Elbląg (Elbing), ein del av Klosterstaten til Den tyske riddarordenen, hadde direkte tilgang til Austersjøen. Sundet vart fylt med sediment seint på 1200-talet og Elbing vart ein langt mindre viktig handelsby. På denne måten vart Gdańsk etter kvart langt viktigare.

I dag ønskjer Polen å grave ein kanal gjennom delar av landtunga slik at ein igjen får direkte tilgang til Austersjøen, i staden for å måtte krysse det einaste naturlege, og russiskkontrollerte sundet ved Baltiysk (Pillau/Piława).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°24′N 19°30′E