Wurtzitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wurtzitt
Wurtzite mineral.jpg
Generelt
Kategori Sulfidmineral
Kjemisk formel (Zn,Fe)S
Strunz-klassifisering 02.CB.45
Dana-klassifisering 02.08.07.01
Identifikasjon
Farge Brunaktig svart, oransjebrun, raudaktig brun, svart
Krystallform Radiale klaser og kolloforme skorper og klumpar. Òg som lagdelte krystallar.
Krystallsystem Heksagonal diheksagonal pyramideforma H-M symbol (6mm) Romgruppe: P63mc
Kløyv [1120] og [0001]
Brot Ujamn
Mohs hardleiksskala 3,5-4
Strekfarge lysebrun
Transparens Gjennomskinneleg
Spesifikk vekt 4,09 målt, 4,10 utrekna
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (+)
Brytingsindeks nω = 2,356 nε = 2,378
Andre eigenskapar Ikkje-magnetisk, ikkje radioaktiv
Kjelder [1][2][3]

Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.

Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz.[2] I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri.[1] Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Handbook of Mineralogy
  2. 2,0 2,1 Wutzite at Mindat.org
  3. Wurtzite at Webmineral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]