Xinzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Xinzhou (gul) i Shanxi

Xinzhou (kinesisk: 忻州; pinyin: Xīnzhōu) er eit byprefektur i norddelen av provinsen Shanxi i det nordlege Kina. Prefekturet går tvers over provinsen og grensar i sørvest mot Shaanxi og i nordvest mot Indre Mongolia, samt i aust mot Hebei. Byprefekturet har eit areal på 25 180 km² og i underkant av 3,1 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Xinzhou omfattar eitt bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og tolv fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 108 går gjennom byprefekturet. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan. Også Kinas riksveg 208 passerer gjennom området. Han tek til i Erenhot og fører via Jining, Datong og Taiyuan til Changzhi i Shanxi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]