Youssou N’Dour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Youssou N’Dour

Youssou N’Dour (fødd 1. oktober 1959 i Dakar) er ein senegalesisk songar, songskrivar og komponist. Han er ein av dei mest kjende afrikanske musikarane.

Youssou blandar tradisjonell senegalesisk mbalax med innflytnader som spenner frå kubansk samba til hip hop, jazz og soul, og har millionar av internasjonale fan. Blant dei vestlege musikarane han har samarbeidd med er Peter Gabriel, Sting, Neneh Cherry, Wyclef Jean, Paul Simon, Bruce Springsteen, Tracy Chapman og Branford Marsalis. I Senegal er Youssou eit viktig kulturelt ikon, aktivt involvert i sosiale spørsmål.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.