Ytring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei ytring er ein språkleg heilskap som blir ytra av ein særskild person ved eit særskilt høve. At ho er ein heilskap, inneber at ho kan stå åleine, at det korkje rett før eller rett etter kjem ei ytring eller ein del av ei ytring som er ein direkte føresetnad for ho. At ho blir ytra av ein særskild person ved eit særskilt høve, tyder at dei same orda sagde av to ulike personar ved ulike høve ikkje er same ytringa.

Formuleringa ytra av ein særskild person ved eit særskild høve må ikkje tolkast som at det må gjelde ein person som faktisk har eksistert og som har ytra noko ved eit særskilt historisk høve. Personen og høvet kan like gjerne høyre heime i ein roman eller i eit eventyr.

Døme på ytringar[endre | endre wikiteksten]

Her er nokre døme på ytringar:

  1. «Vēnī, vīdī, vīcī.» Ytra av Julius Cæsar i år 47 f.Kr., i Det romerske senatet, for å fortelje at han hadde sigra over Pharnaces II av Pontus i Slaget ved Zela.
  2. «Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?» Ytra av Jesus, i den niande timen, då han hekk på krossen, på Golgata, kanskje kl. 15, fredag 3. april år 33.
  3. «Noregr ór hendi þér konungr.» Ytra av Einar Tambarskjelve under slaget ved Svolder i år 1000.
  4. «One small step for man, one giant leap for mankind.» Ytra 20. juli 1969, av Neil Armstrong, på månen.
  5. «Er det sant? Dette er helt sykt!» Ytra av Didrik Solli Tangen under den norske Grand Prix-finalen i Oslo Spektrum, litt før kl. 22, laurdag 6. februar 2010.
  6. «Millionærstrøg.» Ytra av politikonstabel Vegårshei «langt vest i hovudstaden til eit land som var altfor lite og fredeleg til å romma store kriminelle løyndommar», på s. 27 i romanen Grense Jakobselv (2009) av Kjartan Fløgstad.

Skilnader mellom ytringar og setningar[endre | endre wikiteksten]

Det er viktig å skilje mellom ytring og setning, og det er mykje som skil dei to fenomena, mellom anna dette:

  • Ei ytring kan vere meir eller mindre enn ei setning. Ytring 5 mellom døma i førre avsnittet inneheld to setningar: (1) Er det sant? (2) Dette er helt sykt! Ytring 3, 4 og mellom døma i førre avsnittet er mindre enn ei setning. Ytring 3 er svaret på eit spørsmål frå Olav Tryggvason: «Hvat brast þar svá hátt?», og det er typisk for ytringar som inngår i samtalar, at dei ikkje svarer til fulle setningar.
  • «Eg vil heim!» ytra av person M ved høve X er ei anna ytring enn «Eg vil heim!» ytra av person N ved høve Y, men det er den same setninga i begge tilfella. Når ei og same setninga blir ytra ved ulike høve, er det snakk om to førekomstar av den same setninga.
  • Ytringar har ei tyding som er sterkt avhengig av ein språkleg og ikkje-språkleg kontekst, medan tydinga til ei setning er uavhengig av konteksten.