Britisk Columbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
British Columbia
Geografisk plassering

Provins i Canada

Hovudstad Victoria
Flatevidd

 - Rangering i Canada

944 735 km²

4.

Folketal (2011)

 - Rangering i Canada
 - Folketettleik

4 400 057

3.
4,8/km²

Grunnlagd 20. juli 1871
Offisielle språk engelsk de facto, fransk
(ingen oppgjevne i lovverket)
Premierminister
Visekonge
Gordon Campbell
Steven Point
Nettstad www.gov.bc.ca
Flagg
Flagg

Britisk Columbia er den provinsen i Canada som ligg lengst vest. Han er vidkjent for naturvenleik, som det kjem fram i det latinske motto for provinsen, Splendor sine occasu. Hovudstaden er Victoria, men den største byen er Vancouver som òg er den tredje største metropolen i Canada.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Georgiasundet, nær Vancouver i B.C.
Sjå òg Klima i Canada.

Britisk Columbia ligg ut mot Stillehavet i vest, grensar mot Alaska i nordvest, til Yukon og Nordvestterritoria i nord og til provinsen Alberta i aust. I sør har Britisk Columbia grenser mot tre USA-amerikanske statar i sør, Washington, Idaho og Montana. Arealet av Britisk Columbia er 944 735 kvadratkilometer som svarar til storleiken av Frankrike, Tyskland og Nederland til saman. Kystlinja strekkjer seg over meir enn 27 000 kilometer og femnar om djupe fjordar og kring 6000 øyar, dei fleste utan busetnad.

Victoria ligg lengst sør på øya Vancouver Island. Vancouver ligg lengst sørvest på fastlandet, mot Georgiasundet. Prince George er den største byen i den nordlege delen av provinsen.

Fjellkjeder, fjordar og innanskjers område langs Stillehavskysten utgjer dei kjente naturlandskapa i provinsen. Høgfjellsområde over 1000 moh. utgjer meir enn 75 % av arealet av provinsen, 60 % er skogkledd, men berre kring 5 % er dyrkande. Okanagan er eit av tre vinområde i Canada der vert det òg produsert sider. I sør, på grensa mot USA, finst område som er halvtørre og her finn ein noko av det varmaste klima i Canada.

Mykje av vestsida av øya Vancouver og resten av kystlinja nord til Alaska Panhandle er dekt med temperert regnskog. Liknande økosystem finn ein i staten Washington, i Chile, New Zealand, Tasmania og i russisk Asia.

Klimaet i innlandet i provinsen er ikkje så sterkt moderert av Stillehavet. Her er variasjonar frå ørken og halvtørt steppeland til område med dramatiske juv. Nokre dalar i sørlege innland har mykje snø og kalde vintrar, medan nordre område er så kalde som andre stader på same breiddegrad og høgde i Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]