Zóg nit kein mól

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Zóg nit kein mól» er dei første orda i den mest berømte av dei jødiske partisansongane frå andre verdskrigen. Den heiter da også opphavleg «Partizanerlid», og teksten er skriven av den unge diktaren Hirsch Glik (eller Hirsh Glik) frå Vilnius i Litauen. Han skreiv orda så dei passa ein fengande melodi laga av Pokras-brørne, jødiske komponistar frå Sovjetunionen. Songen blir i dag ofte sunge på minnemarkeringar over Holocaust.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Glik og andre jødar frå ghettoen i den nazi-okkuperte byen danna ei motstandsgruppe dei kalla Fareinikte Partizaner Organizatsie/Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO) på jiddisk (jiddisch/yidish), truleg fordi dei kom frå ulike politiske grupper, der var både kommunistar, bundistar og som Glik sjølv, medlemer av den venstresionistiske rørsla Hashomer Hatzair. Etter at ghettoen blei utsletta av nazistane, heldt dei som kom seg unna fram med partisanverksemd frå skogane kring byen. Glik mista livet i krigen, han blei drepen i 1943 eller 1944.

Glik hadde gjeve ut dikt på både hebraisk og jiddisk før krigen, men det diktet som har udødeleggjort han er denne songteksten. Orda som handlar om aldri å gi seg, aldri å gi opp håpet, om å kjempe vidare. Saman med den italienske anti-fascistiske partisansongen «Bella Ciao», er «Partizanerlid» den internasjonalt kanskje mest kjende motstandssongen frå andre verdskrigen.

Norske omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Songen til Hirsch Glik har verka fengjande på mange, også ein norsk diktar som Georg Johannesen. Hans gjendikting av songen, som han kalla Jødisk partisansang, er blitt kjent og kjært for mange nordmenn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer til norske gjendiktingar

Framføring