ZANU-PF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partiflagget til ZANU-PF

Zimbabwe African National Union – Patriotic Front (ZANU-PF) er eit politisk parti i Zimbabwe, som har styrt landet sidan det vart sjølvstendig i 1980, opphavleg under namnet ZANU. I 1988 vart ZANU slått saman med partiet ZAPU under namnet ZANU-PF. Robert Mugabe har leia ZANU og seinare ZANU-PF sidan sjølvstende, og var statsminister fram til 1988 og sidan president. Partiet står for ei blanding av sosialisme og nasjonalisme, og har i seinare år fått ein stadig meir populistisk profil. ZANU-PF mista for første gong det parlamentariske fleirtalet sitt ved parlamentsvalet i 2008.

Zimbabwe African National Union[endre | endre wikiteksten]

Partiet Zimbabwe African National Union vart grunnlagt av Ndabaningi Sithole, Herbert Chitepo, Edgar Tekere, Leopold Takawira og Robert Mugabe heime hos den tidlegare forsvarsministeren Enos Nkala i Highfield i august 1963[1]. Minoritetsgruppa ndau slutt seinare opp om Ndabaningi Sithole sitt meir moderate parti, Zanu (Ndonga), som avviste væpna kamp, medan shonamajoriteten i all hovudsak slutta opp om Mugabe sitt ZANU med ein meir militant agenda.

Ved det første valet i 1980 samarbeida ZANU med Zimbabwe African People's Union (ZAPU) i valalliansen Patriotic Front (PF), og dei to partia tok namna ZANU-PF and PF-ZAPU. Etter valet valte dei derimot å bryte dette samarbeidet.

I desember 1987, etter fem års lågintens borgerkrig (gukurahundi), vart ZAPU, leia av Joshua Nkomo, slått saman med ZANU til ZANU-PF.

Patriotic Front (PF)[endre | endre wikiteksten]

Patriotic Front (PF) vart opphavleg danna i 1976 som ein politisk og militær allianse mellom ZAPU og ZANU, under krigen mot det kvite mindretalsstyret i Rhodesia. Alliansen omfatta ZAPU, leia av Joshua Nkomo, som hovudsakleg var basert i Zambia, og ZANU, leia av Robert Mugabe, som hovudsakleg var basert i Mosambik. Begge partia hadde sine eigne militære styrkar: Den militære fløya til ZAPU var kjent som Zimbabwe People's Revolutionary Army (ZIPRA) og geriljastyrkane til ZANU var kjent som Zimbabwe African National Liberation Army (ZANLA). Målsettinga for Patriotic Front var å styrte det kvite styret til Ian Smith gjennom både krigføring og politisk press.

Alliansen nådde målet sitt i 1980, då landet vart sjølvstendig under namnet Zimbabwe. Alliansen vart oppløyst etter det første valet, som vart vunne av Robert Mugabe sitt ZANU. Joshua Nkomo og ZAPU stod framleis sterkt i provinsen Matabeleland.

Da dei to partia vart slått saman i 1987 vart Zimbabwe i praksis omdanna til ein eittpartistat leia av Robert Mugabe og ZANU-PF. Joshua Nkomo vart ein av to visepresidentar i landet.

ZANU-PF[endre | endre wikiteksten]

ZANU-PF ser på seg sjølv som eit sosialistparti og er modellert etter kommunistparti i andre land. Partiet har framleis eit politbyrå. I praksis har partiet gjeve opp mykje av den politikken som tradisjonelt har kjenneteikna kommunistparti, og Zimbabwe har ein blandingsøkonomi. Robert Mugabe har sidan 1990-talet inntatt ein meir populistisk haldning. Dette gjeld særleg okkupasjon av farmar eigd av den kvite minoriteten. Kritikarar av ZANU-PF hevdar at denne politikken hovudsakleg har som formål å bevare grepet Mugabe har om makta, og at det først og fremst er tilhengjarar av ZANU-PF og folk innan regjeringsapparatet som tener på okkupasjonane[2]. Beslaglegginga av farmane har òg ført til at store landområde har vorte liggande brakk, noko som har ført til krise i økonomien og til at Zimbabwe, som tidlegare vart kalla «kornkammeret til Afrika», har vorte avhengig av import av fødevarer. Landet har òg fått ein rekordhøg inflasjon og arbeidsløyse, noko som har ført til storstilt utvandring til nabolanda.

Styret til ZANU-PF har frå hundreårsskiftet vorte utfordra av opposisjonspartiet Movement for Democratic Change (MDC). Ved presidentvalet i 2002 vart Mugabe gjenvalt med 56 % av stemmene.

Det vart halde parlamentsval i Zimbabwe i 2005, og ZANU-PF fekk 59,6 % av stemmene og 78 av 120 sete i parlamentet. Seinare same år fekk partiet 43 av 50 valte senatorar. Kritikarar frå opposisjonen og utanlandske observatørar meinte at valet ikkje var fritt og rettferdig. Menneskerettsorganisasjonar hevda mellom anna at det hadde vore hundretusenvis av «spøkelsesveljarar» i manntala[3].

Ved parlamentsvalet 29. mars 2008 mista ZANU-PF fleirtalet for første gong, med 94 av 210 sete[4]. Ved presidentvalet som vart halde same dag tapte Mugabe første valomgang mot Morgan Tsvangirai i oppisjonen. Offisielt fekk Tsvangirai 47,9 % av stemmene og Mugabe 43,2 %. Resultata vart først offentleggjort 2. mai, men opposisjonen hevda at Tsvangirai hadde vunne valomgangen med meir enn halvparten av stemmene. Zimbabwe Electoral Commission bestemte at det skulle haldast ein andre valomgang den 27. juni. På grunn av omfattande vald mot opposisjonen frå ZANU-PF-tilhengjarar, samstundes som Mugabe erklærte at han aldri ville gå av, valte Tsvangirai å trekke seg frå denne valomgangen. Mugabe vann deretter andre valomgang med 85,5 % av stemmene. Frå offisielt hald vart det opplyst at valdeltakinga låg på 42,37 %. Opposisjonen stilte spørsmål ved dette. Mugabe vart innsett som president for ein ny periode søndag 29. juni.

I etterkant av valet innleia han derimot forhandlingar med opposisjonen med tanke på å kome fram til ei ordning der dei deler makta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]