Ajía Nápa

Koordinatar: 34°59′N 34°0′E / 34.983°N 34.000°E / 34.983; 34.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ajía Nápa
Αγία Νάπα
Aynapa
Horisonten til Ajía Nápa
Horisonten til Ajía Nápa
Styresmakter
Land
Distrikt
 Kypros
Ammókhostos
Geografi
Flatevidd 30,6395 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

5 844
Koordinatar 34°59′N 34°0′E / 34.983°N 34.000°E / 34.983; 34.000
Høgd over havet 60 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.ayianapa.org.cy/
Plassering
Ajía Nápa innafor distriktet Ammókhostos
Ajía Nápa innafor distriktet Ammókhostos
Ajía Nápa innafor distriktet Ammókhostos

Ajía Nápa (gresk Αγία Νάπα, tyrkisk Aynapa) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 3 212 innbyggjarar.[1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Ajía Nápa er ein av dei mest kjende turiststadene i landet. Før den tyrkiske invasjonen i 1974 var Ammókhostos (Famagusta) og Kerýnia dei to store feriebyane på øya. I åra etterpå blei turistindustrien bygd ut i området ved Ajía Nápa. Før 1974 var Ajía Nápa ein liten fiskarlandsby med nokre hundre innbyggjarar bygd rundt eit venetiansk kloster. Ajía Nápa ligg på søraustkysten av Kypros, og er kjend for sitt hektiske natteliv om sommaren. Mykje tydar på at byen også eksisterte i romersk tid. Ein finn mellom anna restar etter ein akvedukt. Namnet Ajía Nápa tyder 'Den heilage skogen i dalen'. Hovudgata Makarios III-avenyen går gjennom heile byen og ned til hamna. Her ligg dei fleste serveringsstadene og butikkane. Midt i byen ligg torget – Seferis-plassen. Sentrum i byen er fiskehamna. Her ligg det ei rekkje tavernaer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.