Ør Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ør Glassverk eller Øhrs Glasværk var eit foretak som blei oppretta i 1874. Det låg ved Ørsjøen i Idd i Østfold. Det gjekk inn i 1894.

For å vurdere torvforekomstane på garden Ør vart forstmeister Asbjørnsen engasjet. Konklusjonen hadde visst vore at Gjeddelundmosen hadde nok torv til drift i 100 år om ein bygde eit glasverk basert på torv som brendsle. Glasverket vart etablert, men hadde mange problem. Eit av dei var rå torv noko som vistnok skuldast våte somrar.[1]

Bernt Grubbe Schlytter hadde investert store summer i verket, men verket gjekk konkurs i 1886, slik at han tapte alt.[2]

Glasblåsarar[endre | endre wikiteksten]

  • Johan Albert Brauer f. 2-8-1865 i Ekeberga. Frå oktober 1885[3]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Østfoldarv III 1954 – 55
    • Einar Mæhlum: De gamle glassverk i Østfold.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haldenmagasinet September 2009 s. 8
  2. http://www.frhald.no/Bygninger/227.htm
  3. http://aforum.genealogi.se/discus/messages/44/71205.html