Aas grønne glasshytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aas grønne glasshytte var eit føretak som produserte grønt og brunt bruksglas som buteljer (flasker). Verksemda låg i Sandsvær i det som i dag er Kongsberg kommune. Hytta blei etablert av Det Kongelig Allernaadigst Octrojerede Nordske Compagnie. Verksemda eksisterte frå ca. 1747 til 1765.

Glasshytta låg på sørsida av Kjørstadelva ved garden Vollen i Efteløt sokn, eit par hundre meter nedanfor Kjørstad bru om lag der Kjørstadelva renn ut i Numedalslågen.

Veden, såkalla lakterved, til glassverket kom frå områda inn mot Lauar og ein fløytte denne ned Kjørstadelva. Sølvverket på Kongberg hadde privilegiar, noko som innebar at dei hadde førsterett på ved. Det førte etterkvart til at det oppstod ein konflikt med sølvverket om tilgang på ved og verksemda måtte til slutt leggast ned.

Då hytta blei lagt ned i 1765 var det Hadeland GlassverkJevnaker som overtok produksjonen av den typen glas som hadde vore laga på Aas grønne glasshytte. Mange av arbeidarane følgde med til Jevnaker.

Tilsette[endre | endre wikiteksten]

EIn kjenner namnet på fleire av glassblåsarane og somme av kontraktane (Henrich Irrich, Hans Wentzel og Johan Jørgen Wentzel datert 1751) eksisterer i dag.

  • Hyttemeister Hans Wentzel
  • Fagarbeidarar: Henrich Irrich (Erich), Franz Irrich, Hans Wentzel, Johan Jørgen Wentzel, J. Gunderlach, M. Mejer. Chr. Braun (Bruun), og apotekerglassarbeider Johs. Gøbel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]