Vallø Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°15′21.2″N 010°29′43.3″E

Vallø glassverk eller Vallø glasværk var ei verksemd for framstilling av glas, først og fremst flasker, på Valløy i tidlegare Sem kommune og i dagens Tønsberg kommune. Verksemda heldt delvis til i dei gamle lokala etter Vallø saltverk og produksjonen starta hausten 1875. Alt etter fire år, i 1879, gjekk glasverket konkurs og verksemda vart lagt ned. Eigedomane vart selde på auksjon. Christian Christiansen i Larvik og eigar av Laurvigs Glasværk ser ut til å ha kjøpt delar buet.[1]

Vallø glassverk vart oppretta av Ernest Christopher Frølich. I 1878 vart selskapet tildelt både sølv- og bronsemedalje på den 3. verdsustillinga i Paris (Exposition Universelle).

Etter konkursen i september 1879, vart glasverket i 1882 seld til eigarane av Larvik glasverk, Christiansen & Co. Seinare hadde Vallø fleire eigarar. I 1892 vart det seld til Christiania Glasmagasin som la ned aktiviteten på Vallø i 1896.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Vallø produserte først og fremst flaskar. Den gjennomsnittlege produksjon om dagen steig frå om lag 4 700 flasker i det første året til om lag 7 000 i 1878. Ein liten del av produksjonen var kavl som er merkt med Vallø.[2][3]

Energi og kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Til glassverket trongst store mengder med energi. Til det vart det tatt ut torv på Storemyr i Slagen.[4] For lette transporten utvida verket vegen mellom Storemyr på Hassum og Valløy. På kart frå denne tida blir vegen kalla Frølichs-veien.[5] I 1876 kjøpte glasverket den opparbeidde veglinja frå Lars Anderssen på garden Ringshaug som gjekk over eigedomen hans. Denne vegen gjekk frå Valløy over Brekke til Hassummyra der glasverket skulle ta ut torv og køyre ned til verket.[6]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sem og Slagen - en bygdebok. Gårdshistorie, bind 1, annen del: Slagen sogn, 1963
  • Sem og Slagen - en bygdebok. Bind 2, Kulturhistorie
  • Vestfold-Minne, 1955,
    • Erling Eriksen, s. 1-25, artikkel om Frølich og Vallø Glasværk. Vallø Glasværk - et industrielt intermesso
  • S.C. Hammer, Den Norske Flaske Industri, 1931

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.larviksguiden.no/larvik/cc.qm
  2. http://www.bestnorwegian.com/vallo_marking.html
  3. http://norwayfloat.com/vallo.html Vallø på Norway float
  4. http://www.turistforeningen.no/horten/article.php?fo_id=1736&ar_id=4604
  5. http://skole.tonsberg.kommune.no/karlsvika/lokalhistorie/valloe/kommunikasjoner.php.html
  6. http://home.online.no/~i.oberg/ringshaug.htm