Åsnes Glassverk
Åsnes Glassverk | |||
Land | Noreg |
---|

Åsnes glassverk eller Aasnæs glasværk vart grunnlagd av J. C. Vogelsang og W. Schilliås i 1813 på Sjøåsen i det som var Beitstad kommune og i dag Namdalseid kommune. Glasverket var i drift i 70 år, fram til 1883. Da Aasnæs glasværk hadde stordomstida si arbeidde det mange glasblåsarar der. Desse kom mellom anna frå glasverk på Austlandet, i Sverige og Tyskland. Det låg ikkje langt frå Holmen Glassverk.
Hovudhuset på glasverket vart bygd i 1840 og står framleis der.
Anlegg og produksjon
[endre | endre wikiteksten]Da Aasnæs starta produksjon av glas var det med tradisjonelle metodar – med fleire små bygningar og ei stor smeltehytte på heile 47 meter. Smelthytta hadde eit tverrsnitt som ein trekant og på innsida var det fleire smeltomnar[1].
I dei fyrste åra etter at produksjonen starta opp var det vindusproduksjon som var betydeleg. Sortimentet vart med kvart utvida og prislista frå 1830-talet inneheld 84 forskjellig produkt. Produksjonen omfatta mellom anna vindusglas, flaskar[1] og kavl, glaskular av grønt glas som vart nytta i fiskegarn. Ein stor del av produkta var merka AASNÆS[2].
Glasverket hadde fleire salsstadar, mellom anna i Trondheim og Bergen og produkta vart frakta sjøvegen med båt[1]. Glassverket selde óg det meste av glasskavl som vart nytta på kysten av Trøndelag og Nord-Norge på 1840-talet.
I stordomstida på midten av 1800-talet var det over 50 arbeidarar på glassverket[1]. Folk i bygda vart óg indirekte sysselsette i form av vedsanking til dei store smelteomnane på verket. Seinare vart det nytta torv til fyring.
Aasnes har husa fleire føretak
[endre | endre wikiteksten]På 2000-talet var det óg eit føretak med namnet Aasnæs værk lokalisert på området. Hovudhuset blei nytta til gjestebod og arrangement av ulike slag. Det vert produsert smykke, lampar og pyntegjenstandar i form av fusing, ein samansmeltingsteknik for hele glasplatar.[3]
Aasnes Gaard i dag
[endre | endre wikiteksten]Investor Kristoffer Stensrud og selskapet Namdalen Træsliberi AS kjøpte Aasnes Glasværk i 2018, med mål om eit historisk hotell med høg kvalitet[4]. Diverre vart dei fyrste konsesjonssøknadane avslått [5]. I 2021 fekk Namdalen Træsliberi konsesjon, men Kristoffer Stensrud døydde dagen etterpå[6]. Sonen, Nikolai Stensrud, overtok garden og arbeide med å realisere farens draum om eit hotell i verdsklasse[7]
Aasnes Gaard gjennomgår i dag eit omfattande restaureringsarbeid og skriv på nettsida si at det ærverdige herskapshuset frå 1840 skal skal få sjela tilbake og bli ein gjestegard i verdsklasse – med sju rom og høg standard[8]. Restaureringsarbeida gjennomførast av handverkarar med spesialisering i bygningsvern.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Holien, Marit. Andersen, Jens-Anton. (1987). Fra glassverktida i Namdalen : Aasnæs Glasværk 1813-1883. Namdal Historielag. ISBN 8290414072.
- ↑ http://www.bestnorwegian.com/aasnaes_marking.html
- ↑ «fusing - Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 13. oktober 2024
- ↑ Aftret, Tone (13. november 2018), «(+) Milliardær vil kjøpe historisk perle», Namdalsavisa (på norsk), henta 13. oktober 2024
- ↑ Alstad, Bastian Øien (9. november 2020), «(+) Forkaster kommunens avgjørelse og avslår konsesjon på Åsnes gård: – Dette skjønner vi ingenting av», Trønder-Avisa (på norsk), henta 13. oktober 2024
- ↑ Alstad, Bastian Øien (20. desember 2021). «Milliardæren fikk konsesjon – men døde dagen etterpå. Nå har sønnen kjøpt Åsnes gård og flytter dit: – Det blir et bygg det ikke finnes maken til». Namdalsavisa (på norsk). Henta 13. oktober 2024.
- ↑ Ann Iren Bævre (12. oktober 2024), «Verdens beste fondsforvalter døde dagen etter at han fikk konsesjon. Nå har sønnen tatt over», adressa.no (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2024
- ↑ «Om gjestegården», Aasnes Gard (på norsk), henta 13. oktober 2024
- ↑ Ann Iren Bævre (12. oktober 2024). «Verdens beste fondsforvalter døde dagen etter at han fikk konsesjon. Nå har sønnen tatt over». adressa.no (på norsk bokmål). Henta 13. oktober 2024.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hanssen, Inger Marie. 2010. Glasblåsere og andre folk på Aasnæs Glasværk, inn- og utflyttinger i Gamle Beitstaden.
- Nord-Trøndelags historielags årbøker
- Aasnæs Glasværk. Sjå Holien 1986:33. Sjå By 1946:51
- Vogelsang, J.C.. Sjå Holien 1985:95
- Idsø, Øystein Lydik Viken. 2023. Namdalens historie - Band 3,Verdsvand utkant.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Aasnæs glassverk i dag Arkivert 2010-11-25 ved Wayback Machine.
- Kvinnene på Sjøåsen Arkivert 2016-06-21 ved Wayback Machine.
- Glassblåsarar på Åsnæsset Arkivert 2013-05-27 ved Wayback Machine.
- Ancestors til Johannes Severin Simonsen
- Kavl Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.