Drammen Glassverk

Drammen Glassverk var ei verksemd på Tangen i Drammen for framstilling av glas og glasprodukt. Glasverket vart starta i 1873 under namnet Tangen Glasværk. I 1878 vart verket bygd om, og ny produksjon vart sett i gang under namnet Drammens Glasværk. Verket vart lagt ned i 1977.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Drammen Glassverk vart eigd av Interessentskapet Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker, som i 1898 vart til AS Christiania Glasmagasin.
Når Hetty kom til Drammen i 1882, gjorde dei om den nedlagde småglasproduksjonen til vindusglas. Dei to første åra nytta dei potteomnen frå småglasproduksjonen, men i 1884 den riven og det vart det kjøpt inn ein wanneomn til produksjon av vindusglas.
Produksjonen av vindaugsglas, flasker og anna bruksglas vart overflytta i 1895 frå Hurdal Verk til Drammen Glassverk. Frå 1890-åra var fabrikken den einaste som laga vindaugsglas i Noreg, og i 1928 tok dei til å maskinprodusera desse med eit Fourcaultanlegg. I 1959 gjekk verket over til elektrisk smelting, som eit av få glasverk i verda.
Ein trur at kavl med varemerket CM er produsert ved Drammen glassverk tidleg på 1900-talet.[2]
Verknad på omgjevnadene
[endre | endre wikiteksten]Glassverket førte snart til opprettinga av ein fastskule i nærleiken, og av Glassverket Idrettsforening i 1919.
Arbeidarar
[endre | endre wikiteksten]- Nils Nicolay Hetty (1820-1905), 1882-1885 og 1892- .[3]
- Petter Hetty, 1882-, hyttemeister.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Drammen byleksikon s 113-114
- ↑ http://www.bestnorwegian.com/cm_marking.html
- ↑ http://wc.rootsweb.ancestry.com/cgi-bin/igm.cgi?op=GET&db=bjerkek&id=I30758 Nils Nicolay Hetty på Nannestad slektsskog