Bergens Glasværk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergens Glasværk var ei verksemd som produserte glas, oppretta i 1875 og nedlagt i 1927. Det hadde vore mange eigarskifte og produksjonsstansar på dei vel femti åra verket var i drift. Verket vart også kalla Flesland Glasværk. I 1937 vart verket starta opp att som Flesland nye glassverk, seinare skifta det namn til A/S Flesland Glassverk.

Ein av dei som var med å skipe Bergens Glasværk i 1875 var seinare statsråd Wollert Konow.

Etter den uhorvelege eksplosjonen i eit tysk skip på Vågen i Bergen i 20. april 1944 fortel Bergens Tidende den 3. juni same år at Flesland Glassverk hadde fått inn over 100 tonn glasskår etter ulukka. Glasskåra skulle brukast i produksjonen av kavl og anna bruksglas. Drifta vart lagt ned igjen etter ein eksplosjonsarta brann som gjekk ut over dei fleste byggningane på verket i 1956.

Verket låg på Flesland, det meste av området er no vorte bustadområde og stad for eit spesialavfallsanlegg. Som alle glassverk på den tida vart det lagt i nærleiken av kjelder for brensel, i dette tilfellet torvmyrer. Torvmyrene er no for det meste dekt av Bergen lufthamn, Flesland. I tillegg var tilgangen til rikeleg kjølevatn frå Fleslandselva viktig, og at råvarer og ferdige glassprodukt lett kunne transporterast inn og ut frå eigen kai ved Raunefjorden.

Verket produserte mest flasker, men også kavl, særleg i den siste perioden. Kavl merka F skal vere frå Flesland Glassverk.

Arbeidarar[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Nicolay Hetty (1820-1905), til 1872. Digelmaker og oppsysmann.[1]

Arbeidarar Flesland[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Nicolay Hetty (1820-1905), 1885-1888[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar