Øvre Telemark prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Telemark prosti (i raudt) i Telemark, grensene frå 2015.
Seljord kyrkje er prostikyrje.

Øvre Telemark prosti (historisk Øvre Telemarken prosti) er eit tenestedistrikt i Agder og Telemark bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Seljord.[1]

Prostiet omfattar den historiske regionen Øvre Telemark og enkelte andre område som ligg i Agder og Telemark bispedømme. Historien til prostiet går attende til mellomalderen. Det oppstod att i 2015 som ei samanslåing av Aust-Telemark prosti og Vest-Telemark prosti. Det er satt saman av det historiske Øvre Telemark prosti og av nokre tidlegare prestegjeld i Midt-Telemark som historisk låg i Nedre Telemark prosti.

Øvre Telemark prosti omfatta ved opprettinga 12 av dagens 18 kommunar i Telemark og meir enn 80 % av arealet i fylket, og er eit av dei arealmessig største prosti i Noreg. Det hadde per 2015 30 sokn, 50 kyrkjer, 23 prestar og rundt 100 tilsette i fellesrådet. Prost var Asgeir Sele.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prostesetet i Øvre Telemark Prosti». Den norske kyrkja. Henta 4. oktober 2017. 
  2. «Øvre Telemark prosti ein realitet» (PDF). Kyrkeposten for Øvre Telemark Nr. 1 — Januar 2015. Henta 4. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]