Romnes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°17′51.4″N 9°16′30.74″E

Romnes kyrkje
kyrkje
Romnes kirke.jpg
Romnes kyrkje
Foto: Gunnar Sanden
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Holla og Helgen
Fellesråd Nome
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 26. september, truleg på 1100-talet
 - Vigd til Laurentius
Kor 5,73 m langt, apsidalt avslutta
Skip 11 m x 10 m
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1700
Altartavle 1700
Sitjeplassar 130
Wikimedia Commons: Romnes kirke

Romnes kyrkje er ei langkyrkje i Nome kommune i Telemark. Ho står på eit nes ut mot Norsjø. Ein kjenner vigslingsdagen for kyrkja — 26. september — men ikkje året. Den romanske stilen er typisk for 1100-talet, og kyrkja liknar ein god del på andre kyrkjer i området frå same periode. Koret er som for andre slike kyrkjer nokså djupt, slik at altartavla kjem eit godt stykke unna kyrkjelyden. Ein korportal på sørveggen har vorte murt att.

Etter kyrkjeauksjonen i 1723 hadde kyrkja fleire eigarar før familien Aall tok over. Etter at Holla fekk ny kyrkje, vart Romneskyrkja teken ut av bruk, men Aall-familien heldt ho ved like og eigde henne heilt til kommunen tok over i 1986, og mange medlem av familien er gravlagd på kyrkjegarden, m.a. Niels Aall.

Kyrkja vart restaurert i 1921 under leiing av Domenico Erdmann, som avdekka gamle veggmåleri. Finn Krafft dekorerte taket og veggene i våpenhuset i 1932. På 1970-talet kosta kommunen på seg omfattande vøling av kyrkja, og tok altså over nokre år seinare.

Sjølv om kyrkja er ei utprega mellomalderkyrkje, er inventaret frå etter reformasjonen. Altartavla og preikestolen er båe i barokk stil. Altartavla synar krossfestinga, og preikestolen har evangelistbilete og Salvator Mundi. I koret står ein prestestol og ein klokkarstol, og benkane i kyrkjerommet er lukka. Over inngangen i vest er eit galleri som vert kalla Aallegalleriet, men det er frå før familien Aall tok over kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 495. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Vis Romnes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren