Treungen kyrkje
Utsjånad
| Treungen kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Treungen kyrkje Foto: Vidar Metveit | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Agder og Telemark | ||
| Prosti | Øvre Telemark | ||
| Sokn | Nissedal | ||
| Fellesråd | Nissedal | ||
| Stad | Nissedal | ||
| Arkitekt | P.H. Holtermann | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 25. mars 1863 | ||
| Tårn | I vest | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | 1863 | ||
| Døypefont | Frå gamlekyrkja | ||
| Altartavle | 1751 | ||
| Orgel | Henrik Brinck Hansen, 1995 | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Treungen kyrkje 59°00′22″N 8°33′42″E / 59.00603111°N 8.56167611°E | |||
| Wikimedia Commons: Treungen kirke | |||
Treungen kyrkje er ei langkyrkje utanfor Tveitsund i Nissedal kommune i Telemark.
Dette er den tredje kyrkja på staden, men dei to tidlegare kyrkjene stod lengre oppi lia aust for Tveitsund. Kyrkja vart innvigd i 1863. I 1960-åra vart ho omfattande restaurert, og sakristiet på sørsida av koret er frå den tida.
Altartavla, døypefonten og kyrkjeklokkene vart overført frå gamlekyrkja, men den eine klokka vart hengt opp i ein stopul på den gamle kyrkjegarden i 1984, medan kyrkja fekk ei ny klokke.
Det er kyrkjegard attmed kyrkja, og i tillegg kan ein altså vitje den gamle kyrkjegarden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Henriksveen, Herman, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 158-159. ISBN 82-90695-00-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 486. ISBN 82-7527-022-7.
- Nissedal kommune Arkivert 2014-01-12 ved Wayback Machine.
- «Treungen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Treungen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
