Atrå kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°59′18.182″N 8°43′54.991″E

Atrå kyrkje
kyrkje
Atrå kirke TRS 070603 048.jpg
Atrå kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Atrå og Mæl
Fellesråd Tinn
Type Langkyrkje
Arkitekt H.D.F. Linstow (typeteikning)
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 4. september 1836
 - Endringar 1895, 1908, 1922–24, 1951–52
Klokker 3
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Rosemåla av Øystein Orekås i 1952
Altartavle Lars Osa e. Eilif Peterssen (altarbiletet i Kristiansand domkyrkje)
Orgel Jørgensen, 1925
Sitjeplassar 300
Wikimedia Commons: Atrå kirke

Atrå kyrkje er ei langkyrkje i Tinn kommune i Telemark.

Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, og kyrkja var hovudkyrkje i Tinn prestegjeld. Dagens kyrkje avløyste ei stavkyrkje frå 1100-talet som det finst portalvange frå i Oldsaksamlinga i Oslo.

Kyrkja vart oppført av byggmeistrane Christen Aslachsen Rustan (eller Rugstad) og Christen Andersen Stensaas frå Skien i 1833–34 og innvigd den 4. september 1836. Interiør og inventar vart endra i 1908 etter planar av Haldor Larsen Børve. Sakristiet er frå 1922–24, og kyrkja vart pussa opp også i 1951–52. Då vart preikestolen rosemåla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 86-89. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Atrå kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 114-115. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 489. ISBN 82-7527-022-7. 
  • Vis Atrå kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.