Øyvind Leonhardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øyvind Leonhardsen (fødd 17. august 1970) er ein norsk, tidlegare fotballspelar frå Kristiansund. Han vart seriemeister med Rosenborg i 1992, 1993 og 1994, samt cupmeister i 1992. Leonhardsen spela i alle år på midtbana, og var kjend som ein spelar med stor løpskapasitet.

Han spela på fotballklubbane Clausenengen (1987-88), Molde (1989-91), Rosenborg (1992-94), Wimbledon (1994-97), Liverpool (1997-99, Tottenham (1999-2002), Aston Villa (2002-03), Lyn Oslo (2004-05) og Strømsgodset (2006-07).

Leonhardsen vart i oktober 1900 teken ut i den fyrste troppen Egil Olsen valde ut som landslagstrenar. Leonhardsen fekk spele kampen mot KamerunBislett, ein kamp som enda med norsk siger 6-1. Fram til 2002 hadde han nærast fast plass Noregs landslag. Han var med Noregs tropp til VM i fotball 1994 og 1998, og til EM i fotball 2000. Til saman spela han 86 landskampar og skåra 19 mål for Noreg.

Leonhardsen vart kåra til 'Årets norske fotballspelar' i 1994.

Han er i 2012 busett i Sandefjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!