Lars Bohinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Bohinen
Bohinen.jpg
Fødd 8. september 1969 (53 år)
Vadsø
Yrke fotballspelar
Lars Bohinen på Commons

Lars Bohinen (fødd 8. september 1969 i Vadsø) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Bohinen var midtbanespelar. Bohinen fekk 49 A-landskampar for Noreg, og scora 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994.

Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.

I 1995 skapa Bohinen avisoverskrifter då han valde å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot dei franske prøvesprengingane i Stillehavet, og fekk både ros og kritikk for sitt engasjement.

Bohinen arbeider no som sportsleg administrativ leiar i Vålerenga Fotball. Bohinen er fetter til Sigurd Rushfeldt, som også er ein mangeårig landslagsspelar og utanlandsproff.

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Klubb Kampar* Mål* Periode
Noreg Bærum 2 0 1986
Noreg Lyn 20 3 1987
Noreg Vålerenga 33 5 1988-1989
Noreg Viking 10 0 1990
Sveits Young Boys 58 6 1990-1993
Noreg Lillestrøm (lån) 19 1 1993
Flag of England.svg Nottingham Forest 64 7 1993-1995
Flag of England.svg Blackburn 58 7 1995-1998
Flag of England.svg Derby 56 1 1998-2001
Danmark Lyngby 26 0 2001-2002
Danmark Farum 2 0 2002
Noreg Vålerenga 6 1 2003

* Berre seriekampar.