Roar Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roar Strand


Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1970 (54 år)
Trondheim
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994, VM i fotball 1998, EM i fotball 2000

Utmerkingar

Olavstatuetten, Trondheim kommunes kulturpris, Kniksenprisen for årets midtbanespiller, Kniksens hederspris

Roar Strand (fødd 2. februar 1970 i Trondheim) er ein norsk fotballspelar. Han spelar normalt indreløpar på Rosenborg Ballklub, og har ved byrjinga av 2006-sesongen scora 75 mål på 347 kampar i Tippeligaen – Noko som gjer han til den med flest kamper i den øvste divisjonen i Noreg gjennom alle tider. Han har òg spelt 42 A-landskampar for Noreg og 67 kampar i Champions League med totalt 11 mål.

Strand var juniorspelar i Nardo, og debuterte for Rosenborg i 1989. Dei fyrste sesongane i Rosenborg fekk han lite speletid, men han spelte likevel nok kamper til å verta seriemester med klubben i 1990 og 1992. I 1993 vart Strand utlånt til Molde, og det var her han etablerte seg som ein av dei beste spelarane i den norske serien.

I 1994 returnerte Strand til Rosenborg, der han no fekk fast plass på laget. Han debuterte på landslaget i ein treningskamp mot Sverige same året, og var òg med i den norske VM-troppen, utan at han fekk speletid. Han fekk derimot spela under VM i Frankrike fire år seinare, og i EM i Belgia og Nederland i 2000.

På klubbnivå har Strand vorte seriemeister heile 13 gonger, noko som er norsk rekord. Han har òg deltatt i Meisterligaen i heile ni sesongar. I kontrast til mange andre profilerte fotballspelarar frå same periode, har Strand aldri spelt for en utenlandsk klubb. Han har i staden takka nei til fleire profftilbod, og vore lojal mot Rosenborg.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(Sist oppdatert 9. januar 2006)

Klubb Kampar* Mål* Periode
Noreg Nardo ? ? ????-1988
Noreg Rosenborg 323 65 1989-2005
Noreg Molde (lån) 22 9 1993

* Berre seriekampar.