Åre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For eldstaden, sjå årestad. For staden, sjå Åre i Sverige.
Roing med fargerike åreblad av gummi i ein park i Bucuresti.
Foto: Joe Mabel

Åre eller år (norrønt ár)[1] er ein reiskap som vert nytta til anten å styre ein farkost med, eller til å drive han fram. Ei år har to hovuddelar, åreskaftet og årebladet. Åreskaftet kan ha eit handtak som roaren dreg eller dyttar.[2] Utforminga av dei ulike delane ymsar etter kva for farkost åra er laga til.

Opphavleg vart årar laga av tre, og det er framleis vanleg. Men anna vyrke som glasfiber, plast og metall er vel så vanleg i dag.

Tre typar utforming[endre | endre wikiteksten]

Det er tre typar årar. Det er særs ulik utforming av dei, men føremålet er det same. Åra skal nyttast til å drive fram og styre farkosten.

Roår[endre | endre wikiteksten]

Fleire roarar i robåt.
Foto: Horst Sturm
År til ein robåt

Åreskaftet til ein robåt vert inndelt i lunn, legg, hals og handtak. Handtaket vert au kalla lom. Årebladet som sit ytst på åra tek opp om lag 1/3 av heile årelengda.

Forma på årebladet ymsar stademellom. Somme stader var det vanleg med smale blad, andre stader var det helst breie blad. Årebladet er tjukkast midt på og smalnar mot kantane so det skal skjera reint i vatnet og ha god jamvekt.

Til tevlingsroing er åra noko annleis utforma, men har framleis dei same lùtene. Største skilnaden er vyrket, og forma på årebladet. Forma er ofte stuttare, breiare og tunnare.

For robåtar til arbeidsføremål vart åra ofte utforma etter føremålet med arbeidet. Åreskaftet (lunnen) kan vera rundt eller kantete. Kantete årar vert ofte kalla vestlandsårar og er mest nytta på robåtar med keip og hamleband. Dei kantete årane er høvelege under fiske med di åreblada vert ståande beint ned i vatnet medan ein dreg dorg, snøre eller garn.

År til kano

Runde årar er mest nytta på båtar med tollegang (tollepinnar) og på båtar med hòl åt årane. Dei høver til meir moderne åregaflar laga i metall eller plast au. Desse årane er gjerne runde frå handtaket og til eit stykke nedan tollegangen (lunnen). Deretter får dei ei oval form (leggen) som gjev ein mjuk overgang (halsen) til årebladet.

Handtaket har ein diameter på mellom 3 og 4 cm og ei lengd på kring 15 cm slik at det skal gje godt grep og liggje godt i handa.

Kanoår[endre | endre wikiteksten]

Skaftet til ei kanoår har eit tverrgåande handtak, so det vert godt å halde åra med båe hender. Eine handa på handtaket, og hi eit stykke ned på skaftet. Årebladet fører ein beint ned i vatnet og skuvar det baketter for framdrift.

Kajakkår[endre | endre wikiteksten]

Kajakkpadling.
År til kajakk

Ei kajakkår har to åreblad, eitt i kvar ende av skaftet. Desse åreblada er vinkla litt i høve til einannan (sjå figur b i illustrasjonen). Når ein fører eine årebladet opp av vatnet, er det andre bladet vinkla slik at det kan førast ned i vatnet utan å vride åra noko meir.

Hendene legg ein på kvar ende av åreskaftet, ein 10 cm frå åreblada. Det gjev god jamvekt, og god kraft til framdrift.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kanoåra frå Duvensee.

Ein kjenner til bruk av årar frå fleire kulturar sidan steinalderen. Blant dei eldste er to kanoårar frå mellomsteinalderen som vart preserverte i myrar. Ei er frå 7000-talet f.Kr. og vart funnen i Star Carr i England.[3] Ei annan er frå 6-7000-talet f.Kr. og vart funnen i Duvensee i Tyskland.[4] Det er også funne årar og kanoar frå Maglemosekulturen i Danmark som varte frå ca. 7500 til 6000 f.Kr.[5]

Ein har funne treårar frå 5000–4500 f.Kr. saman med kano-forma keramikk frå Hemudukulturen i Yuyao i Zhejiang i Kina.[6][7] I 1999 vart det funne ei 63,4 cm lang år frå 4000-talet f.Kr. i Ishikawa prefektur i Japan.[8]

I det gamle Egypt og i Kina brukte folk gjerne årar ståande, medan fønikarar og europearar gjerne sat og rodde.[2]

Vikingskipa hadde hòl i sidene for årane. Hòla sit ein 60 cm over vasskorpa. Hòla har utsparinger so åreblada kan førast og koma ut ubægde. Bordgangen med årehòl er tjukkare og dermed sterkare enn dei hine.

Osebergskipet vart rott med 30 årar, Gokstadskipet med 32. Årane til Gokstadskipet var laga av furu og var mellom 5,3 og 5,85 m lange. Dei lengste årane vart nytta nærast stamnane der høgda over vasskorpa var størst.

I høve til moderne årar er sjølve årebladet på vikingskipårane lite. Dette kan henge saman med at denne åretypen høver best til roing med stutte, hoggande tak — den gamle måten å ro på. Ein trur at to mann rodde kvar år, so desse skipa hadde høvesvis 60 og 64 roarar.

Dei største årane var i bruk på galeiar. Kvar år vart rodd av 4 mann, og det kunne vera opptil 500 roarar fordelte på opptil 3 dekk, dermed hadde desse båtane meir enn 100 årar.

Årar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Troféårar ved Remenham Club ved Themsen.

I Odysseen vert sjøfararen Odyssevs fortald at han skal ta ei år frå båten sin og dra så langt inn i landet at folk tek henne for ein jordbruksreiskap fordi dei ikkje kjenner havet. Her skal han utføre eit offer til havguden Poseidon, og reisa hans vil endeleg vera over.[2]

Innan kapproing vert årar ofte brukt som trofé til minne om særskilde sigrar. Ei troféåre vert ikkje gjeven til vinnaren ved slutten av eit løp slik ein medalje gjerne vert, men vert gjeven til klubben, skulen eller universitetet vinnaren representerte. Troféårar kan målast i klubbfargar og vera påskriven detaljar om tevlinga på bladet. Ofte har ein symbolet eller våpenet til klubben eller skulen i midten, med namna til vinnarane og andre detaljar rundt. Åra kan så stillast ut i klubbhus og liknande, noko ein til dømes kan sjå ved universitetat i Oxford og Cambridge og ved Yale og Harvard.

Fedje og Herøy kommune har høvesvis to og tre årar i kommunevåpena sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «åre» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 Dear, I.C.B.; Peter Kemp, red. (2006), «oar», The Oxford Companion to Ships and the Sea, Oxford University Press 
  3. Darvill, Timothy (2008), «Star Carr, North Yorkshire, England», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press 
  4. Duvensee paddle på Engelsk Wikipedia
  5. Darvill, Timothy (2008), «Maglemosian Culture», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press 
  6. Deng, Gang. (1997). Chinese Maritime Activities and Socioeconomic Development, c. 2100 B.C.-1900 A.D. Westport: Greenwood Press. ISBN 0-313-29212-4, s. 22.
  7. Miriam T. Stark (15. april 2008). Archaeology of Asia. John Wiley & Sons. s. 130. ISBN 978-1-4051-5303-4. Henta 5. oktober 2012. 
  8. The Japan Times. (10. februar 1999). Oldest oar unearthed from Ishikawa ruins. Henta 2008-08-13.