(Baby) You Don't Have to Tell Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Baby) You Don't Have to Tell Me
Singel av The Walker Brothers
frå albumet The Sun Ain't Gonna Shine Anymore
B-side

«My Love is Growing»

Utgjeve Juli 1966
Innspelt 1966
Sjanger Pop, barokkpop, Wall of Sound
Lengd 2:28
Selskap Philips Records
Låtskrivar(ar) Pete Antell
Produsent Reg Guest
The Walker Brothers-kronologi 
I Need You EP
(1966)
(Baby) You Don't Have to Tell Me «Another Tear Falls»
(1966)


«(Baby) You Don't Have to Tell Me» er ein song skriven av Pete Antell, tidlegare frå den amerikanske popgruppa The Chants, og vart først spelt inn av songaren Bobby Coleman. Den obskure songen vart sidan spelt inn og gjeven ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den sjette singelen deira, i 1966. Akkompagnementet vart dirigert av Reg Guest.

«(Baby) You Don't Have to Tell Me» vart ein moderat hit og låg åtte veker inne på UK Singles Chart med ein 13. plass som beste plassering.[1] Til samanlikning hadde dei tre førre singlane deira alle nådde minst Topp 3, så singelen vart rekna som skuffande og markerte byrjinga på den minkande populariteten deira. Trass i at singelen gjorde det dårlegare enn venta, vart Portrait, det andre albumet til gruppa, gjeve ut samstundes og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Philips - BF 1497
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«(Baby) You Don't Have to Tell Me»Pete Antell2:28
2.«My Love is Growing»J. Stewart, R. Van Leeuwen2:22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5.