Love Her

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Love Her
Singel av The Walker Brothers
frå albumet Introducing the Walker Brothers
B-side «The Seventh Dawn»
Utgjeve April 1965
Innspelt 1964
Sjanger Pop, Wall of Sound
Lengd 3:23
Selskap Philips Records
Smash Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil
Produsent Nick Venet
The Walker Brothers-kronologi
«Pretty Girls Everywhere»
(1965)
Love Her «Make It Easy on Yourself»
(1965)


«Love Her» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil som den første songen deira for den amerikanske duoen The Everly Brothers i 1963 som B-sida til «The Girl Sang the Blues». Han vart sidan spelt inn og gjeven ut på singel av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den andre singelen deira i 1965.

The Walker Brother sin versjon er kjend for å vere den første singelen til gruppa spelt inn med Scott Walker på førstestemme. Tidlegare hadde John Walker hatt denne rolla. Songen vart produsert av Nick Venet og arrangert av samarbeidspartnaren til Phil Spector, Jack Nitzsche, som gav songen ein Wall of Sound-handsaming. «Love Her» vart den første hitten til gruppa og låg 13 veker inne på UK Singles Chart der han nådde 20. plassen i juni.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Philips - BF 1409 / Smash Records S-1976
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Love Her»  Mann, Weil 3:23
2. «The Seventh Dawn»  Ortolani, Webster 2:40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5.