Albumet Nite Flights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nite Flights
Studioalbum av The Walker Brothers
Utgjeve Juli 1978
Innspelt Februar 1978, Scorpio Sound, London
Sjanger Kunstrock, pop, rock, country
Lengd 38:05
Selskap GTO
Produsent Scott Walker, Dave MacRae
The Walker Brothers-kronologi
Lines
(1976)
Nite Flights Walker Brothers in Japan
(1987)
Scott Walker-kronologi
Lines
(1976)
Nite Flights Climate of Hunter
av
Scott Walker
(1984)


Nite Flights er det sjette studioalbumet til den amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Det kom ut i 1978 og inneheld singelen «The Electrician». Albumet vart det siste gruppa gav ut i lag.

Kvar av medlemmane skreiv songar for albumet, to var av Gary Walker, medan Scott Walker og John Walker skreiv fire kvar. Albumet vart spelt inn i februar 1978 i Scorpio Sound i London i Storbritannia. Det fekk positive meldingar, særleg songane til Scott Walker. Albumet kom ut i juli 1978. Det var lenge ute av opplag då det i midten av 1990-åra vart tilgjengeleg på billig-CD. Plateomslaget var designa av Hipgnosis.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Nite Flights var det siste albumet trioen gav ut i lag, sjølv om strukturen på albumet, som er delt inn i tre, der kvar av medlemmane har skrive og sunge sine eigne songar, har gjort at både kritikarar og bandmedlemmane sjølv har skildra det som tre små soloalbum enn eit verkeleg gruppealbum.

Albumet er mest kjend for dei fire første songane, alle skrivne og sungne av Scott Walker—dei første originale songane hans sidan soloalbumet hans 'Til The Band Comes In frå 1970. Alle av dei var langt mørkare enn resten av albumet og staka ut retninga som det seinare soloarbeidet hans skulle ta.

«The Electrician» vart gjeven ut som ein singel med «Den Haague» som B-side, men gjekk ikkje inn på salslistene. «Shutout», «Fat Mama Kick», «Nite Flights» og «The Electrician» vart òg gjevne ut som Shutout E.P. i 1981.

I 2001 vart to ekstra spor frå Nite Flights-innspelingane gjevne ut på samlealbumet If You Could Hear Me Now. «The Ballad» skriven av John Walker er ein komplett song, medan den andre, «Tokyo Rimshot», er ein uferdig instrumental skriven av Scott Walker.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Nite Flights fekk middels til positive meldingar av dei fleste kritikarane. Scott Walker-songane har vorte plukka ut av samtlege som langt betre enn Gary og John sine songar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Shutout»  Scott Engel 2:46
2. «Fat Mama Kick»  Scott Engel 2:57
3. «Nite Flights»  Scott Engel 4:25
4. «The Electrician»  Scott Engel 6:10
5. «Death of Romance»  Gary Leeds 3:44
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Den Haague»  Gary Leeds 4:03
7. «Rhythms of Vision»  John Maus 2:55
8. «Disciples of Death»  John Maus 3:49
9. «Fury and the Fire»  John Maus 3:58
10. «Child of Flames»  John Maus 3:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Walker Brothers
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review