A Fool in Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Fool in Love
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet The Soul of Ike & Tina Turner
B-side

The Way You Love Me

Utgjeve Juli 1960
Innspelt Mars 1960 i St. Louis
Sjanger Rhythm and blues, rock and roll
Lengd 2:30
Selskap Sue Records
Låtskrivar(ar) Ike Turner
Produsent Ike Turner
Ike & Tina Turner-kronologi 
- A Fool in Love «I'm Jealous»
(1961)


«A Fool in Love» er debutsingelen til Ike & Tina Turner. Han vart opphavleg skriven av Ike Turner og vart den første offisielle singelen med Tina Turner. Songen vart gjeven ut på Sue Records i juli 1960.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1958 hadde Anna Mae Bullock fått ein plass i bandet til Ike Turner, Kings of Rhythm, etter å ha teke mikrofonen frå syster si og sunge fleire B.B. King-songar. Opphavleg var Bullock korvokalist for Ike Turner og ho song mellom anna på singelen hans «Boxtop» i 1958. Trass i at Bullock insisterte på å bli frontvokalist i Kings of Rhythm, avslo Turner, som hadde andre songarar til å fronte bandet, ho.[1] Scenenamnet til Bullock var på denne tida berre «Little Ann».[2] På denne tida var Bullock kjæraste med saksofonisten i bandet, Raymond Hill, og dei fekk eit barn i lag.

I mellomtida hadde Turner, som i fleire år hovudsakleg hadde spelt inn blues og vore knytt til oppstarten av rock 'n roll med utgjevinga av «Rocket 88», byrja å bli påverka av musikken til Ray Charles, Sam Cooke og James Brown og tok bandet sitt meir i retninga av soul. Turner skreiv så fleire nye songar i denne stilen, mellom anna ein song han opphavleg tenkte at den mannlege vokalisten Art Lassiter skulle synge, kalla «A Fool In Love». Då Lassiter hamna i ein krangel med Turner om songen og kor mykje pengar han skulle få, drog han frå bandet før songen vart spelt inn.

Innspelinga for songen fann stad i mars 1960, men stoppa opp då Lassiter ikkje møtte opp for innspelinga. Turner bad då den då 20 år gamle Bullock om å synge songen som ei mellombels løysing, og så kunne han erstatte vokalen hennar seinare med ein mannleg vokal. Bullock som då var kjend for den raspete stemma, påverka av Ray Charles, spelte inn songen på eitt forsøk. Som korvokal hadde Turner henta inn ei jentegruppe kalla The Artettes, som gav songen ei doo-wop-retning. The Artettes song seinare harmonivokal for det som vart debutalbumet til paret i 1961. Turner gav jentegruppa det nye namnet The Ikettes.

Turner sendte så songen til direktøren i Sue Records, Juggy Murray, i New York. Då han høyrte songen med Bullock på vokal, insisterte han på at Bullock måtte få synge songen. Murray tilbaud eit forskot på 25 000 dollar for songen, og var overtydd om at det kom til å bli ein hit.[3] Før han singelen kom ut, gav Turner Bullcok eit nytt scenenamn, Tina Turner, og dei byrja å spele i lag som Ike & Tina Turner. På denne tida utvikla venskapen mellom Turner og Bullock seg til eit forhold. Songen nådde etter kvart andrepplassen på R&B-lista og 27. plassen på Billboard Hot 100 pop-lista. Tina Turner song på nasjonal TV for første gong i oktober 1960 då ho framførte songen på American Bandstand, medan ho var høggravid med barnet til Ike.

Songen vart eit høgdepunkt på dei tidlege konsertane til bandet før dei gav ut «River Deep - Mountain High» og «Proud Mary». Etter dei vart separerte i 1976, fortsette Tina Turner å spele songen i 1970-åra. Neste gong ho framførte songen på scenen var under turneen i 2000. I 1993 hadde Tina spelt inn songen på ny som ein del av filmmusikken til biografifilmen What's Love Got to Do with It. Tina Turner framførte seinare songen på Ally McBeal.

Songen er ofte blitt spelt av på diverse talentshow som Ido og X Factor.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Solovokal av Tina Turner
  • Instrument av Ike Turner (piano) og The Kings of Rhythm
  • Korvokal av The Artettes (The Ikettes): Robbie Montgomery, Sandra Harding og Frankrikes Hodges
  • Produsert og skriven av Ike Turner

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaar, Gillian A. (October 1992). She's a Rebel: The History of Women in Rock & Roll. Seal Press. ISBN 1-878067-08-7. 
  2. Hasday, Judy L. (June 1999). Tina Turner: Black Americans of Achievement. Chelsea House Publications. s. 10. ISBN 0-7910-4967-1. 
  3. Collis, John (2003). Ike Turner- King of Rhythm. London: The Do Not Press. s. 70–76. ISBN 978-1-904316-24-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]