I've Been Loving You Too Long

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I've Been Loving You Too Long
Singel av Otis Redding
frå albumet Otis Blue
B-side «Just One More Day»
Utgjeve 19. april 1965
Innspelt Miami: 1965
Sjanger Soul
Lengd 2:49 (mono, april 1965)
3:09 (stereo, juli 1965)
Selskap Volt/Atco
V-126
Låtskrivar(ar) Otis Redding
Jerry Butler
Produsent Otis Redding
Jerry Butler
Otis Redding-kronologi
«Things Go Better With Coke»
(1964)
I've Been Loving You Too Long «Respect»
(1965)


«I've Been Loving You Too Long» (stundom kalla «I've Been Loving You Too Long (To Stop Now)») er ein song skriven av Otis Redding og Jerry Butler. Han var gjeven ut som singel av Otis Redding i 1965 og sidan på det tredje albumet hans, Otis Blue: Otis Redding Sings Soul. Sjølv om Redding hadde hatt hittar på den amerikanske Billboard Pop- og R&B-lista så tidleg som i 1962, var dette den første store hitten hans, og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista. B-sida til singelen, «Just One More Day», vart òg ein mindre hit, og nådde 15. plassen på R&B-lista og 85. plassen på poplista. Songen er rangert på 110. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

To studioversjonar[endre | endre wikiteksten]

Som fleire andre songar av Otis Redding, vart det spelt inn to forskjellige versjonar av «I've Been Loving You Too Long».

  1. Midten av april 1965, 2:49, monoversjon, truleg med Isaac Hayes på klaverinstrument og piano, den mest vanlege versjonen.
  2. Tidleg juli 1965, 3:09-3:14, stereoversjon med Booker T. Jones på klaverinstrument og piano.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den første coverversjonen av songen vart spelt inn av The Rolling Stones i 1965 - kort tid etter at den originale versjonen til Redding var ein hit. Han var på det første konsertalbumet til Stones, Got Live If You Want It!, men innspelinga var ei studioinnspelint som det vart lagt publikumslydar oppå. Som takk for dette spelte Otis Redding inn Rolling Stones-songen «(I Can't Get No) Satisfaction», skriven av Mick Jagger og Keith Richards.

Blue-eyed soul-vokalisten Chris Farlowe spelte songen på The Art of Chris Farlowe, det andre albumet hans for Immediate Records, i 1966. Farlowe sin versjon er radikalt annleis enn den originale versjonen og Rolling Stones-versjonen, mellom anna med strykeakkompagnement (arrangert og dirigert av Arthur Greenslade).

Percy Sledge spelte songen i 1967 på albumet The Percy Sledge Way.

Jerry Butler spelte songen i 1968 på albumet The Soul Goes On.

Den mest kjende coverversjonen av songen vart spelt inn av Ike & Tina Turner i 1968. Songen var den første på albumet deira Outta Season. Ein kan sjå dei framføre songen på Madison Square Garden i konsertfilmen til The Rolling Stones Gimme Shelter. Versjonen deira skil eg stort frå originalen. Versjonen deira nådde 23. plassen på R&B-lista og 68. plassen på poplista i USA.

Ein annan versjon av songen vart gjeven ut som debutsingelen til Barbara Mandrell i 1969.

Aretha Franklin spelte inn songen for albumet Young, Gifted and Black (1972).

Sonny James, ein countrymusikar, spelte inn songen i 1976 for When Something Is Wrong With My Baby.

Jay Graydon spelt ein gitarinstrumentalversjon av songen for samlealbumet Guitar Workshop - Tribute to Otis Redding (1988).

Etta James spelte inn songen i 1997 for albumet Love's Been Rough on Me. Ho spelte òg B-sida, «Just One More Day», frå den originale Redding-singelen i ein «Otis Redding Medley» på albumet Live From San Francisco (1994).

Johnny Diesel spelte inn songen i 1992 på albumet The Lobbyist. Han vart gjeven ut som singel same året. Songen vart òg spelt inn av Tindersticks på albumet Donkeys 92-97.

Songen var òg ein del av ein medley med «Drown in My Own Tears» og «When Something Is Wrong with My Baby» på Joe Cocker-albumet Mad Dogs and Englishmen. The Philosopher Kings spelte òg songen som ein medley med «At Last» og «Let's Get It On», og den originale songen deira «Hurts to Love You», som avsluttinga på konserten deira spelt inn for albumet One Night Stand i 1999.

I 1997 spelte E.G. Kight ein versjon av songen på albumet Come into the Blues.[1]

I 2007 reiste Guy Sebastian til Memphis i Tennessee for å spele denne songen for hyllestalbumet hans til klassisk soiul, The Memphis Album.

Seal spelte inn songen i 2008 på albumet Soul og i 2009 på Soul Live.

The White Stripes spelte ein versjon av songen på B-sida til singelen Signed D.C..[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Come into the Blues - E.G. Kight : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. januar 2016. 
  2. «White Stripes, The - Signed D.C. (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 11. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]