Adam Kszczot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adam Kszczot
380 fin 800m kszcot (33308166746).jpg
Fødd 2. september 1989
Gmina Opoczno
Adam Kszczot på Commons

Adam Kszczot (fødd 2. september 1989) er ein polsk mellomdistanseløpar frå Opoczno. Han er europameister på spesialdistansen 800 meter både i 2014 og 2016 og tok VM-sølv på same distansen i 2015, samt EM-bronse 2010. Frå innandørsmeisterskapane har han fått med seg to EM-gull, VM-sølv og VM-bronse.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kszczot vann 800 meter under U23-EM 2009 med tida 1.45,81. Same sesongen vart han polsk meister på 800 meter, og deltok i verdsmeisterskapen i Berlin, utan å nå finalen. I 2010 deltok han i innandørs-VM 2010 i Doha, der vart nummer tre med tida 1.46,69. Også ved EM i friidrett 2010 i Barcelona fem månader seinare kom han på bronseplassen på 800 m.

I mars 2011 sprang Kszczot inn til siger på 800 m ved innandørs-EM 2011 i Paris, med landsmannen Marcin Lewandowski på plassen bak. Ein ny triumf kunne han bokføre då han ved U23-EM i Ostrava i juli månad vann på tida 1.46,71. Vel ein månad seinare vart han nummer seks på 800 meter då VM 2011 vart avvikla i Doha. Mindre enn to veker etter VM sette han personleg rekord med 1.43,30 i italienske Rieti. Året etter vart han slått ut i semifinalane under Sommar-OL i London.

Kszczot forsvarte i 2013 EM-tittelen på 800 m innandørs, ein prestasjon ingen hadde gjort på 42 år. I 2014 var han suveren på 800 meter under europameisterskapen i Zürich, der Artur Kuciapski syrgde for polsk dobbeltsiger. I VM-finalen 2015 viste spurtsterke Kszczot sin fremste styrke då han passerte fleire løparar på oppløpssida og tok sølvet, bak verdsrekordhaldaren David Rudisha. Sommaren 2016 vann Kszczot 800 m ved friidretts-EM i Amsterdam, som i innandørs-EM 2011 kom landsmannen Lewandowski inn til sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]