Adolf Arctander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolf Arctander
Adolf Arctander.jpg
Fødd23. oktober 1847
Hadsel
Død25. juli 1919
NasjonalitetNoreg
Yrkefotograf, lærar

Adolf Maurits Steenbuch Arctander (fødd 23. oktober 1847 i Hadsel i Vesterålen, død 25. juli 1919 på Vettre i Asker) var ein norsk teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar. Han var syskenbarn av statsråd Sofus Arctander (1845–1924).

Arctander vart cand.theol. ved Universitetet i Kristiania i 1872, men helsa hans gjorde til at han i staden for å praktisere teologi veksla mellom skulearbeid, hagestell og litterært arbeid gjennom livet sitt. Han gjekk også den tredelte naturkunnskapslinja, der eit av faga var botanikk.[1] I perioden 1877–1880 var han lærar ved Ullensvang folkehøiskole, frå 1887–92 styrde han Telemarks folkehøgskule og frå 1888 eit friseminar i Seljord saman med Viggo Ullmann. I 1901 starta han opp Lofotens og Vesteraalens folkehøiskole på farsgarden.

I studietida vart han inspirert av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og han vart overtydd målmann. Arctander gav ut fleire utgreiingar og meldingar om språklege, litterære og politiske emne, mellom anna i Syn og Segn. I slutten av livet sette han om Wallensteins læger, den fyrste delen av Wallenstein av Friedrich Schiller og Faust av Johann Wolfgang von Goethe. I yngre dagar hadde han prøvd å omsetje Filoktetes av Sofokles til riksmål, men fann riksmålet «ubrukande, av di [det] er rotlaus[t] baade i dansk og norsk og berre ‘dyrkar knotingi’ paa baae maali.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sjølvbiografi i Ung-Norig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]