Aleksander
Hopp til navigering
Hopp til søk

Aleksander den store spreidde namnet sitt til store delar av verda. Her er namnet skrive fonetisk i egyptiske hieroglyfar, A-l-ka(k)-s-i(a)-n-d(t)-r-s.
Aleksander eller Alexander er eit mannsnamn som stammar frå gresk aleksandros (Αλέξανδρος) av aleksis (αλέξις), 'verje, hjelpe' og andros (ανδρος) 'mann, menneske'.
Namnet er bruka over heile den vestlege verda i variantar som Alessandro på italiensk, Alejandro på spansk, Alexandre på fransk og Александр på russisk. I den muslimske verda er namnet blitt til Iskander. Kortformer av namnet er Alek, Alex og Sander.
I Noreg var det ved folketeljinga i 1801 vel 120 som vart innskrivne som Aleksander i ei eller anna staveform. I 1900 var det vel 700. I dag er det om lag 13800 som heiter Aleksander eller Alexander - eit lite fleirtal av dei skriv namnet sitt med X.
I Noreg har Aleksander namnedag 18. mars.
Innhaldsliste
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
Pavar[endre | endre wikiteksten]
- Pave Alexander I (105-115)
- Pave Alexander II (1061-1072)
- Pave Alexander III (1159-1181)
- Pave Alexander IV (1254-1261)
- Motpave Alexander V (1409-1410)
- Pave Alexander VI (1492-1503)
- Pave Alexander VII (1655-1667)
- e PavAlexander VIII (1689-1691)
Andre patriarkar[endre | endre wikiteksten]
- Aleksander av Konstantinopel (314-337)
- Aleksander I av Alexandria (313-328)
- Aleksander II av Alexandria (702-729)
Keisarar[endre | endre wikiteksten]
- Aleksander Severus, romersk keisar (208-235)
- Aleksander III, austromersk keisar (870-913)
- Russland
- Aleksander I av Russland (1801-1825)
- Aleksander II av Russland (1855-1881)
- Aleksander III av Russland (1881-1894)
Kongar[endre | endre wikiteksten]
- Epirus
- Aleksander I av Epirus (ca. 342 f.Kr.)
- Aleksander II av Epirus (ca. 272 f.Kr.)
- Makedonia
- Aleksander I av Makedonia (498-454 f.Kr.)
- Aleksander II av Makedonia (370-368 f.Kr.)
- Aleksander III av Makedonia (Aleksander den store) (336-323 f.Kr.)
- Aleksander IV av Makedonia (323-310 f.Kr.)
- Aleksander Balas, konge over Selevkidene i Syria (150-146 f.Kr.)
- Skottland
- Aleksander I av Skottland (1078-1124)
- Aleksander II av Skottland (1198-1249)
- Aleksander III av Skottland (1241-1286)
- Aleksander av Serbia (1889-1903)
- Aleksander I av Jugoslavia (1921-1934)
- Aleksander av Hellas (1917-1920)

Oppfinnaren Alexander Graham Bell (1847–1922)
Andre kjende personar med namnet[endre | endre wikiteksten]
- Alexander Pope (1688–1744), engelsk diktar
- Aleksandr Pusjkin (1799-1837), russisk forfattar
- Alexandre Dumas (1802–1870), fransk forfattar
- Alexander Graham Bell (1847-1922), amerikanar som oppfann telefonen
- Alexander Kielland (1849-1906), norsk forfattar
- Alexandre Alekhine (1892-1946) russisk-fransk verdsmeister i sjakk
- Aleksandr Solzjenitsyn (f. 1918), russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar
- Aleksandr Litvinenko (1962-2006), russisk spion
- Alexandr Hleb (f. 1981), kviterussisk fotballspelar
- Alexander Rybak (f. 1986), norsk songar og Eurovision-vinnar
- Aleksander Denstad With (f. 1987), norsk songar og Idol-vinnar
- Alejandro Fuentes (f. 1987), chilensk-norsk songar
Oppdikta personar[endre | endre wikiteksten]
- Ole Aleksander i bokserien av same namn av Anne-Cath Vestly
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Aleksander hjå Statistisk Sentralbyrå
- Olav Veka 1991: Namneboka (Det Norske Samlaget)
- Folketeljingar på Digitalarkivet